Dave Cousins

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dave Cousins

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 7. januar 1945 (79 år)
Hounslow
Yrke gitarist, banjospelar, musikar, songar-låtskrivar, lyrikar
Språk engelsk
Nettstad http://www.strawbsweb.co.uk/

Dave Cousins (fødd David Joseph Hindson7. januar 1945 i Hounslow i Middlesex) er ein engelsk musikar som har vore leiar, songar og den fremste låtskrivaren i den engelske gruppa Strawbs.

Musikalsk karriere[endre | endre wikiteksten]

Strawbs vart danna i 1967. Frå først av var bandet ein bluegrass-trio kalla Strawberry Hill Boys, eit namn dei tok frå plassen dei kom frå i Twickenham i London. Namnet vart etter kort tid forkorta til «Strawbs». Banjo var lenge hovudinstrumentet for Cousins, men då gruppa i løpet av kort tid endra stil fleire gongar og var innom folk, folkrock og progressiv rock, vart det oftast akustisk gitar han spelte. Bandet var mest aktivt i åra frå 1969 til 1979, då dei tok ein pause etter å ha laga 15 album. Bandet vart samla på ny i 1984, og gav deretter ut fleire nye album.

Cousins har i periodar utgjort ein akustisk duo med Brian Willoughby, og har turnert som trio under namnet Acoustic Strawbs med Willoughby (til august 2004), Dave Lambert og Chas Cronk (frå september 2004). På slutten av 1960-talet turnerte Cousins i Europa som gitarist for Joni Mitchell og Leonard Cohen, og han var ein periode rundt 1970 mykje brukt som studiomusikar.

Dave Cousins er framleis aktiv som musikar, og turnerer Nord-Amerika og Europa med Acoustic Strawbs og Strawbs fleire månader kvart år.

Annan aktivitet[endre | endre wikiteksten]

Cousins har utdanning i arkeologi, statistikk og rein matematikk frå Universitetet i Leicester, og etablerte sitt eige firma innan statistisk analyse sist på 1960-talet. I tillegg til karrierane i musikk og som statistikar, har han vore svært aktiv innan kommersiell radio. Han arbeidde som produsent for Danmarks Radio frå 1969 til 1979, der han kvar veke laga program om engelsk musikk. I 1979 vart han tilsett som programdirektør for Radio Tees i Middlesbrough. To år seinare fekk han same stilling ved radiostasjonen Devon Air i Exeter, og frå 1984 var han administrerande direktør. Devon Air vart oppkjøpt av GWR Group i 1991, og då mista Cousins jobben. Han konsentrerte seg då om medieanalyseselskapet St. David's Research, og spesialiserte seg på radiokonsesjonar. I løpet av åra 1991-1999 erobra han 11 konsesjonar i England. Størst glede gav han uttrykk for då han i november 1993 tok attende konsesjonen i Exeter for selskapet Gemini Radio (Orchard Media). Cousins driv òg plate- og medieselskapet Witchwood Records, og var i 2012 med på å starte plateselskapet Dark Lord Records.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Cousins er rekna som ein av rockens dyktigaste og giftigaste låtskrivarar. Mange av tekstane hans har sterkt politisk innhald, til dømes The Battle, The Hangman and the Papist, New World og Beside the Rio Grande. I 1974 vart låtskrivinga hans teken opp i det britiske parlamentet, der dei konservative ville ha sett forbod mot fleire av songane til Strawbs, som dei rekna som «samfunnsnedbrytande». Framlegget fekk ikkje fleirtal, men ein sterkt forarga Cousins valde då å gå i «eksil» i Canada og USA for fleire år. På sine nyaste album har han på nytt gjeve sterke politiske. I Hellfire Blues 2007 trekk han linene frå blodbad og nedslakting under første verdskrig via terrorbombinga av London under andre verdskrig til Irakkrigen, og leverer eit kraftig angrep på Blair og Bush for «All that blood that's spilt / For the neck of Saddam Hussein», og i 2008 kom han med The Broken Hearted Bride, bygd over historia bak terrorangrepet mot London i juli 2005.

Cousins gav ut diktsamlinga The Bruising of Hearts i 1993, og han er omsett til nynorsk av Arnt Birkedal i To veker sist sommar (1999). I 2010 gav han ut Secret Stories & Songs, ei bok der han har samla sine lyriske tekstar frå meir enn 40 år, og der han fortel historiene bak desse dikta.

Cousins gav i 2014 ut sjølvbiografien "Exorcising ghosts Strawbs & other lives" (331 + 18 sider) på Witchwood Media Limited.

Album som soloartist[endre | endre wikiteksten]

  • Two Weeks Last Summer (1972)
  • Old School Songs (1979). Med Brian Willoughby.
  • The Bridge (1994) (med Brian Willoughby)
  • Hummingbird (2002). Med Rick Wakeman.
  • Wakeman and Cousins "Live 1988" (2005). Med Rick Wakeman.
  • High Seas (2005) (med Conny Conrad)
  • The Boy In The Sailor Suit (2007)
  • Secret Paths (2008)
  • Duochrome (2008). Med Ian Cutler. Opptak frå USA-turne mars 2008.

Album med Strawbs[endre | endre wikiteksten]

  • Strawbs (1969)
  • Strawberry Music Sampler No. 1 (1969, nyutgjeven på CD i 2002)
  • Dragonfly (1970)
  • Just A Collection Of Antiques And Curious (1970)
  • From The Witchwood (1971)
  • Grave New World (1972)
  • Bursting at the Seams (1973)
  • All our own work (1973). Med Sandy Denny. Innspeling frå [1967.
  • Hero and Heroine (1974)
  • Early Strawbs (1974). Strawbs og Dragonfly, gjeve ut i Canada.
  • Ghosts (1974)
  • Nomadness (1975)
  • Deep Cuts (1976)
  • Burning for You (1977)
  • Deadlines (1978)
  • The Best Of The Strawbs (1978). Samling, dobbelalbum.
  • Don't Say Goodbye (1987)
  • Preserved Uncanned (1991). Innspelingar frå 1966-1967, nominert til Grammyprisen.
  • Ringing Down the Years (1991)
  • A Choice Selection (1992). Samling.
  • Greatest Hits Live (1993) Innspeling frå 1990, finst òg som video.
  • Strawbs in Concert (1995). Innspelingar i BBC frå 1973 og 1974.
  • Heartbreak Hill (1995). Innspeling frå 1978.
  • Halcyon Days (1997). Samling over 2 cd-ar.
  • Concert Classics (1999). Innspeling frå 1977.
  • Blue Angel (2002). Bygd over soloalbumet The Bridge frå 1994.
  • Deja Fou (2004)
  • Strawbs Live at Nearfest 2004 (2005)
  • Recollection (2006). Opptak frå 1970.
  • A Taste of Strawbs (2006). Boks med 4 CD-ar, innspelingar frå 1966 til 2006.
  • NY' 75 (2007). Innspeling frå New York (1975).
  • Lay Down With The Strawbs (2008). Innspeling frå 2006.
  • The Broken Hearted Bride (2008)
  • Dancing To The Devil's Beat (2009)
  • Strawbs at the BBC (2010) (2 CD-er)
  • Sandy Denny and the Strawbs: All Our Own Work: The Complete Sessions (2010)
  • 40th Anniversary Celebration (2010) (Vol. 1: 2 CD-er Strawberry Fayre (med bl.a. Sonja Kristina Linwood, Rick Wakeman, Fire, Zeus, Cathryn Craig og John Ford) og Vol. 2: Rick Wakeman & Dave Cousins (CD+DVD))
  • The Ferryman's Curse (2017)

Album med Acoustic Strawbs[endre | endre wikiteksten]

  • Baroque and Roll (2001)
  • Full Bloom (2005). Innspeling gjort på konsert 4. august 2004.
  • Painted Sky (2005)

DVD-ar[endre | endre wikiteksten]

  • Complete Strawbs: The Chiswick House Concert (2002)
  • Strawbs Live in Tokyo DVD, plus Grave New World, the movie (2003)
  • Acoustic Strawbs Live in Toronto (2004)
  • Acoustic Strawbs - live at Hampton Court (2009)

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • The Bruising of Hearts (Utval av Dave Cousins sin lyrikk) (1993)
  • Secrets, Stories and Songs (Dave Cousins sin samla lyrikk, 384 sider) (2010)
  • Exorcising ghosts Strawbs & other lives (sjølvbiografi), 331 + 18 sider) (2014)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]