Dave Grusin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dave Grusin
Cruisin' for a Grusin.jpg
Verkeleg namn Robert David Grusin
Fødd 26. juni 1934 (84 år)
Littleton, Colorado, USA
Instrument

Piano

Sjanger jazz
Yrke Musikar, låtskrivar, arrangør
Plateselskap GRP Records

Robert David «Dave» Grusin (fødd 26. juni 1934) er ein amerikansk komponist, arrangør og pianist. Grusin har skrive musikk til mange filmar og fjernsynsseriar og har vunne mange prisar for dette, mellom anna Oscarprisen og 12 Grammyprisar.

Som pianist har Grusin lent mot jazzfusion og smooth jazz, men det er som filmmusikkomponist han er mest kjend. Grusin spelte med Terry Gibbs og Johnny Smith medan han studerte ved University of Colorado. Han var assisterande musikkleiar og pianist for Andy Williams frå 1959 til 1966, og starta så å skrive musikk for fjernsyn. Grusin spelte inn musikk med Benny Goodman i 1960, og med ein hard bop-trio som bestod av han sjølv, Milt Hinton og Don Lamond tidleg i 1960-åra. Han spelte òg med ein kvintett som inkluderte Thad Jones og Frank Foster. Grusin arrangerte for og spelte med Sarah Vaughan, Quincy Jones og Carmen McRae tidleg i 1970-åra. Han spelte klaverinstrument med Gerry Mulligan og Lee Ritenour i midten av 70-åra og var så med å starte opp GRP Records. GRP utvikla seg til eit av dei fremste plateselskapa for jazz og fusion. Dei vart seinare kjøpt opp av Arista, og så av MCA.

Grusin heldt fram å spele inn musikk i 1980- og 1990-åra, frå fusio og pop til symfoniorkester. Han har òg leia GRP Big Band, og spelt med broren Don og Ritenour. I 2011 gav han ut eit konsertalbum og DVD kalla An Evening with Dave Grusin med det 75 mann store Henry Mancini Institute Orchestra.

Grusin har skrive musikk til rundt 100 filmar. Av dei mange prisane han har fått er ein Oscarpris for musikken til The Milagro Beanfield War, og Oscarnominasjonar for The Champ, The Fabulous Baker Boys, The Firm, Havana, Heaven Can Wait og On Golden Pond. Han vart òg nominert for beste originale song for «It Might Be You» frå filmen Tootsie. Seks av fjorten songar for The Graduate er hans. Anna filmmusikk han skreiv var for Where Were You When the Lights Went Out?, Three Days of the Condor, The Goonies, Tequila Sunrise, Hope Floats, Random Hearts, The Heart is a Lonely Hunter og The Firm. I tillegg har han laga fanfaren for filmstudioet TriStar Pictures.[1]

For fjernsyn var han dirigent for The Andy Williams Show (1963–1965) og skreiv kjenningsmelodiane for seriar som It Takes a Thief (1968), The Name of the Game (1968), Dan August (1970), The Sandy Duncan Show (1971–1972), Maude (1972), Good Times (1974), Baretta (1975), St. Elsewhere (1982) og for Televisa i Mexico, Tres Generaciones (1987). Anna musikk han laga for TV var The Wild Wild West (1966), The Girl from U.N.C.L.E. (1966) og Columbo: Prescription: Murder (1968). Han skreiv òg kjenningsmelodien for One Life to Live (1968) frå 1984–1992.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Som leiar[endre | endre wikiteksten]

Som sidemann[endre | endre wikiteksten]

Ikkje komplett liste.

Filmar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://mostpopularsongs.net/Dave_Grusin/Tri-Star_Logo_Theme/

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]