Dave Matthews

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dave Matthews

Dave Matthews i 2009
Fødd9. januar 1967 (57 år)
FødestadJohannesburg i Sør-Afrika
FødenamnDavid John Matthews
OpphavSør-Afrika, USA
AktivSidan 1991
Sjanger
Instrument
  • vokal
  • gitar
  • piano
Stemmetypebaryton
Tilknytte artistar
Plateselskap
Verka som

David John Matthews (fødd 9. januar 1967) er ein USA-amerikansk songar, låtskrivar, musikar, skodespelar og plateselskapseigar,[1] mest kjend som solovokalist, låtskrivar og gitarist i Dave Matthews Band (DMB). Matthews vart fødd i Johannesburg[2][3] og flytta ofte mellom Sør-Afrika, Storbritannia og USA i oppveksten. Matthews byrja å spele akustisk gitar då han var ni år gammal.

Frå 1991 til 2003 fokuserte Matthews hovudsakleg på låtskriving og speling med Dave Matthews Band, som han skipa i Charlottesville i Virginia i 1991. Sidan den gongen har han òg spelt mykje solo og produsert andre sine plater. I perioden frå 2000 til 2010 selde bandet hans fleire billettar enn nokon andre band i Nord-Amerika.[4] Albumet Away from the World i 2012 gjorde dei til den einaste gruppa som har hatt seks studioalbum på rad på toppen av Billboard-lista i USA. Denne rekorden vart forlenga til sju plater på rad med albumet Come Tomorrow i 2018.

I tillegg til musikk har Matthews vore skodespelar.[5] Han har òg vunne to Grammy-prisar: ein med Dave Matthews Band i 1997 for beste rockesong av duo eller gruppe («So Much to Say») og ein i 2004 for beste mannlege rockevokal («Gravedigger») frå soloalbumet hans.

Diskograif[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

Konsertalbum[endre | endre wikiteksten]

Konsertalbum med Tim Reynolds[endre | endre wikiteksten]

  • Live at Luther College – (1999)
  • Live at Radio City – (2007)
  • DMBLive. Prism Coffeehouse, Charlottesville, VA (04.22.1993) – (2008)
  • DMBLive. Appalachian State University, Boone, NC (03.29.2003) – (2008)
  • Live in Las Vegas – (2010)
  • Live Trax Vol. 23 Whittemore Center Arena, Durham, NH (02.19.96) – (2012)
  • Live Trax Vol. 24 Spartanburg Memorial, Spartanburg, SC (02.08.97) – (2012)
  • DMBLive. Memphis, Richmond, VA (06.13.1993) – (2012)
  • DMBLive. J.T. Kingsbury Hall, Salt Lake City, UT (03.03.1999) – (2014)

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Singel Listeplasseringar Album
US Mod US Adult US Pop
2003 «Gravedigger» 35 35  — Some Devil
«Save Me»  — 26  —
2004 «Oh»  —  —  —
2007 «Eh Hee»  —  — 73 Live at Radio City
«—» syner til at utgjevinga ikkje gjekk inn på lista

Gjestesinglar[endre | endre wikiteksten]

År Singel Artist Listeplassering Album
US Country US CAN
2009 «I'm Alive»A Kenny Chesney 6 32 73 Greatest Hits II

Samarbeid[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tavis Smiley on PBS [1] Arkivert 22. september 2009 ved Wayback Machine.
  2. «Archived copy». Arkivert frå originalen 2. november 2016. Henta 22. november 2020. 
  3. «Archived copy». Arkivert frå originalen 15. april 2016. Henta 22. november 2020. 
  4. Lewis, Randy (19. desember 2009). «Dave Matthews Band rocks to the top in concert revenue». Los Angeles Times. 
  5. «imbd.com profile Dave Matthews». IMDB.com. Henta 27. juni 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Dave Matthews