Dave Pomeroy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dave Pomeroy

Dave Pomeroy og fem av dei mange bassane sine
Fødd26. april 1956 (67 år)
OpphavNashville i Tennessee
AktivSidan 1961
SjangerCountry, bluegrass, rock, pop, jazz
InstrumentBassgitar, kontrabass
Tilknytte artistarDon Williams, Trisha Yearwood, Three Ring Circle
PlateselskapEarwave
Verka somBassist, songar, låtskrivar, produsent

Dave Pomeroy (fødd 26. april 1956) er ein USA-amerikansk musikar, kjend som vokalist, låtskrivar og produsent frå Nashville, men mest kjend som bassist. Han har spelt elektrisk og akustisk bass for mange kjende artistar, både i studio og på scenen. Som soloartist og produsent har han gjeve ut 12 album og to DVD-ar på sitt eige selskap, Earwave Music. Han har skrive ei rekkje artiklar for magasinet Bass Player og andre musikkmagasain, og har bidrege som forfattar til ei rekkje bøker om musikkindustrien.

I desember 2008 vart Pomeroy vald som direktør i Nashville Musicians Association, ei lokal avdeling av American Federation of Musicians (AFM) og i juni 2010 vart han òg vald inn i styret til AFM. 014, and 2017.

Som studiomusikar har Pomeroy bidrege til album av artistar som Trisha Yearwood, Emmylou Harris, Toby Keith, Neil Diamond, Billy Ray Cyrus, Tom Paxton, George Jones, Billy Joe Shaver, Shelby Lynne, Jon Randall, Brenda Lee, Gretchen Peters, Alan Jackson, Beth Nielsen Chapman, Earl Scruggs, Randy Scruggs, Duane Eddy, Allison Moorer, Steve Wariner, Asleep at the Wheel, Matraca Berg, Kathy Mattea, Larry Knechtel, Keith Whitley, Jesse Winchester og Alison Krauss.

I tillegg har Pomeroy stått på scenen med Don Williams, Steve Winwood, Willie Nelson, Garth Brooks, John Hiatt, Ricky Skaggs, Adrian Belew, Peter Frampton, Lee Ann Womack, Patty Loveless, Reeves Gabrels, Duane Eddy og mange fleire.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Under sitt eige namn:

  • Dave Pomeroy: Angel in the Ashes - mai 2017
  • Dave Pomeroy and the All-Bass Orchestra: The Day The Bass Players Took Over The World konsert DVD.
  • Tone Patrol: Thin Air (Earwave), med gjesteartistane Sam Bush, Bill Miller og Wayne Roland Brown
  • Dave Pomeroy: Basses Loaded (Earwave)
  • Dave Pomeroy: Tomorrow Never Knows (Earwave)
  • Three Ring Circle: Three Ring Circle (Earwave) med Rob Ickes and Andy Leftwich (Earwave)
  • Dave Pomeroy And Friends: The Taproom Tapes (Earwave)
  • Three Ring Circle: «Brothership» with Rob Ickes and Andy Leftwich (ResoRevolution)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]