Dave Sinclair

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dave Sinclair
Fødd24. november 1947
FødestadHerne Bay i Kent
OpphavStorbritannia
Aktiv1960–
Sjangerprogressiv rock
Instrumentpiano
Verka sompianist, komponist, låtskrivar

David Sinclair (fødd 24. november 1947) er ein klaverspelar (orgel, piano, cembalo, elektrisk piano, Mellotron og meir) knytt til Canterbury scene sidan slutten av 1960-åra. Han vart kjend med musikkgruppa Caravan og skreiv somme av dei mest kjende songane deira, som «For Richard», «Nine Feet Underground», «The Dabsong Conshirtoe» og «Proper Job/Back To Front».

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Han starta karrieren sin kring 1966-1967 med The Wilde Flowers, før han var med å skipe Caravan i 1968 med syskenbarnet Richard Sinclair (bass/vokal), Pye Hastings (gitar/vokal) og Richard Coughlan (trommer) og var inn og ut av dette bandet i 35 år. Innimellom periodane i Caravan, var han medlem av Matching Mole (1971–72), Hatfield and the North (1972–73), The Polite Force (1976–77) og Camel (1978-1979).

Tidleg i 2000-åra gav han ut to soloalbum, Full Circle og Into the Sun (begge 2003). Han flytta til Kyoto i Japan i 2005. Det siste soloalbumet hans, Out of Sinc, kom ut i juni 2018.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Solo

  • 1993 - Moon Over Man (Voiceprint VP119CD)
  • 2003 - Full Circle (DSincs-Music 001)
  • 2003 - Into the Sun (DSincs-Music 002)
  • 2010 - Pianoworks I - Frozen In Time (CRSCNT 001)
  • 2011 - Stream (CRSCNT 002)
  • 2014 - The Little Things (DSincs-Music)
  • 2018 - Out of Sinc (DSincs-Music)

Caravan

Camel

Robert Wyatt

Matching Mole

Richard Sinclair's Caravan of Dreams

  • 1992 - Richard Sinclair's Caravan of Dreams (HTD CD7)
  • 1993 - An Evening of Magic (HTD CD 17)

Polite Force

  • 1997 - Canterbury Knights (Voiceprint VP187)

Filmography[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]