David's Album

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
David's Album
Studioalbum av Joan Baez
Utgjeve Mai 1969
Innspelt CBS Studios, Nashville, September 1968
Sjanger Folk, country
Lengd 44:41
Selskap Vanguard
Produsent Maynard Solomon
Joan Baez-kronologi
Any Day Now
(1968)
David's Album (I Live) One Day at a Time
(1970)


David's Album er eit studioalbum av Joan Baez frå 1969, spelt inn i Nashville. Det var det 11. albumet Baez hadde gjeve ut til då. Albumet nådde 36. plassen på Billboard Pop Albums-lista.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den dåverande ektemannen til Baez, David Harris, som var ein countryfan, var i ferd med å bli fengsla for å ha nekta militærteneste, og ho spelte inn albumet som ei gåve til han. Songane vart spelte inn under den same innspelinga som det førre albumet til Baez, som bestod av Bob Dylan-songar, Any Day Now.[1]

Plateomslaget er ei teikning Baez teikna av David Harris.

Vanguard gav ut albumet på ny i seinare år med to bonusspor, «How Can I Miss You», ein duett med syster til Baez, Mimi Fariña, og Tom Paxton sin «The Last Thing on My Mind

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]

I meldinga si for Allmusic, skreiv Bruce Eder om albumet at «synginga og spelinga held framleis mål. Baez sette til side skarpheita ho stundom hadde her til fordel for ei avslappa framføring der ho er på sitt mest vinnande i karrieren sin. David's Album har overgått opphavet sitt, dels på grunn av det varierte materialet. David Harris er for lengst ute av fengsel, og han og Baez gjekk frå kvarandre, men dette er framleis eit glimrande album.»[1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «If I Knew»  Nina Dusheck, Pauline Marden 2:49
2. «Rock Salt and Nails»  Bruce Utah Phillips 3:53
3. «Glad Bluebird of Happiness»  Darryl Skrabak 2:58
4. «Green, Green Grass of Home»  Curly Putman 3:14
5. «Will the Circle be Unbroken»  Charles H. Gabriel, Ada R. Habershon 4:20
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
6. «The Tramp on the Street»  Tradisjonell 3:33
7. «Poor Wayfaring Stranger»  Tradisjonell 4:43
8. «Just a Closer Walk With Thee»  Tradisjonell 4:11
9. «Hickory Wind»  Gram Parsons, Bob Buchanan 3:44
10. «My Home's Across the Blue Ridge Mountains»  A.P. Carter, Tom Ashley 4:21
Bonusspor på nyutgjeving
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
11. «How Can I Miss You»  Dan Hicks 2:45
12. «The Last Thing on My Mind»  Tom Paxton 4:17

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1969) Plassering
Canada Top Albums/CDs (RPM)[2] 33
US Billboard 200[3] 36

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Frankrike (SNEP)[4] 81,800 [5]*

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]