David Abraham Bueno de Mesquita

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
David Abraham Bueno de Mesquita
Statsborgarskap Kongeriket Nederlanda
Fødd 23. mars 1889
Amsterdam
Død

12. desember 1962 (73 år)
Firenze

Yrke kunstmålar, skribent, illustratør
David Abraham Bueno de Mesquita på Commons

David Abraham Bueno de Mesquita (23. mars 188912. desember 1962) var ein nederlandsk-jødisk figurativ biletkunstnar som hovudsakleg arbeidde med kunstmåleri og grafikk.

Liv[endre | endre wikiteksten]

David Abraham Bueno de Mesquita vart fødd i Amsterdam den 23. mars 1889 av foreldra Rebecca Lopes de Leao de Laguna og Jacob Bueno de Mesquita. Frå ca. 1906 studerte han ved Rijksnormaalschool voor tekenleraren i heimbyen, og deretter ved Akademie voor Beeldende Kunsten same stad i tida 1909–1913. Etter at han i 1913 mottok Prix de Rome for biletet «Jacob herkent het bebloede kleed van zijn zoon» (‘Jakob kjenner att den utblødde kappa åt son sin’), flytte han i 1914 til Roma og budde der ei tid. Han reiste seinare på studiereise til Madrid. I 1922 flytte han til Amsterdam att, og flytte så til Firenze i Italia i 1929, der han vart buande til han døydde der den 12. desember 1962.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Bueno de Mesquita var ein figurativ biletkunstnar som arbeidde hovudsakleg med kunstmåleri (inkludert oljemåleri og akvarell), teikning og grafisk kunst (m.a. etsing og litografi); særleg innanfor sjangrane landskapsmåleri og portrett. Han illustrerte òg mange bøker.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]