David Batty
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Fullt namn | David Batty[1] | ||
| Fødselsdato | 2. desember 1968 (57 år)[1] | ||
| Fødestad | Leeds | ||
| Høgd | 5 fot 8 tommar (1,73 m)[2] | ||
| Posisjon | Defensiv midtbanespelar[1] | ||
| Ungdomsklubbar | |||
| –1987 | Leeds United | ||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar | (Mål) |
| 1987–1993 | Leeds United | 211 | (4) |
| 1993–1996 | Blackburn Rovers | 54 | (1) |
| 1996–1998 | Newcastle United | 83 | (3) |
| 1998–2004 | Leeds United | 90 | (0) |
| Totalt | 438 | (8) | |
| Landslag | |||
| 1988–1989 | England U21 | 7 | (1) |
| 1989–1992 | England B | 5 | (0) |
| 1991–1999 | England | 42 | (0) |
| * Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga | |||
David Batty (fødd 2. desember 1968) er ein engelsk tidlegare fotballspelar frå Leeds, ligameister 1992 med Leeds United. Over ein åtteårs-periode medverka han i 42 av landskampane til England. Han var defensiv midtbanespelar, iherdig utøvar og flink taklar.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Batty gjorde teneste i Leeds United 1987-93 og 1998-2004. Ligasesongen 1991/92 tok han del i 40 kampar då Leeds gjekk heilt til topps i den engelske ligaen. I oktober 1993 vart han overført til Blackburn Rovers. Ein broten fot gjorde at han fekk berre 5 kampar ligasesongen 1994/95, då Blackburn vart ligameister for fyrste gong på 81 år. Frå tidleg vinter 1996 til desember 1998 spelte Batty for Newcastle United. Under FA-cupfinalen 1998 måtte han og lagkameratar som Stuart Pearce og Alan Shearer tole tap mot Arsenal FC.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Batty fekk sin landslagsdebut som innbytar på heimebane den 21. mai 1991, og spelte sin 42. og siste landskamp i Warszawa 8. september 1999. Under EM i fotball 1992 deltok han i to av Englands tre kampar. 14. oktober 1992 spelte han heile VM-kvalifiseringskampen mot Noreg på Wembley stadion, der Kjetil Rekdal med eit susande langskot syrgde for poengdeling. Batty fekk ikkje plass i EM-troppa 1996, men spelte i fire av Englands kampar under VM i fotball 1998. Han vart verande utan landslags-skåringar.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Engelsk ligameister: 1992 for Leeds United
- Finalist i FA-cupen: 1998 for Newcastle United
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 «David Batty». Barry Hugman's Footballers.
- ↑ «David Batty: Overview». Premier League. Henta 4 April 2021.
- eu-football
- Denne artikkelen bygger på «David Batty» frå Wikipedia på engelsk, den 16. juli 2024.