David Bowie At The Kit Kat Klub (Live New York 99)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
David Bowie at the Kit Kat Klub (Live New York 99)
Konsertalbum av David Bowie
Utgjeve 2. april 2021
Innspelt 19. november 1999
Spelestad Kit Kat Klub, New York City
Lengd 54:08
Selskap Parlophone
David Bowie-kronologi 
Something in the Air (Live Paris 99)
(2021)
David Bowie at the Kit Kat Klub (Live New York 99)


David Bowie at the Kit Kat Klub (Live New York 99) er eit konsertalbum av David Bowie gjeve ut 2. april 2021 på Parlophone.

Konsertopptaket er henta frå den vesle Kit Kat Klub i New York City i november 1999, der publikum var spesielt inviterte og billettvinnarar.[1] Konserten vart òg filma og sendt på Internett ein månad seinare, og det kom òg sidan ein promo-CD med tolv songar frå konserten.[2] Det er denne promo-CD-en frå seint 1999 eller tidleg 2000 som vart gjeven ut i 2021.[2] Albumet nådde 20. plassen på albumlista i Storbritannia og 93. plassen på albumlista i Irland.[3]

Songane som vart framførte på konserten, men som ikkje kom med på albumet var «Drive-In Saturday», «Cracked Actor», «Ashes to Ashes», «Repetition» og «Rebel Rebel».

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLengd
1.«Life on Mars?»4:42
2.«Thursday's Child»5:16
3.«Something in the Air»4:49
4.«China Girl»4:09
5.«Can't Help Thinking About Me»3:00
6.«Always Crashing in the Same Car»3:46
7.«Survive»4:32
8.«Stay»6:34
9.«Seven»4:00
10.«Changes»3:54
11.«The Pretty Things Are Going to Hell»4:09
12.«I'm Afraid of Americans»5:11

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kreps, Daniel (19. september 2021). «David Bowie's 'Brilliant Live Adventures' Series Closes With Famed 1999 NYC Gig». Henta 19. september 2021. 
  2. 2,0 2,1 «BLA Part 6 - David Bowie At The Kit Kat Klub (Live New York 99)». 19. september 2021. Henta 19. september 2021. 
  3. «AT THE KIT KAT KLUB - LIVE NEW YORK 99 chart». Henta 19. september 2021. 
  4. Plati, Mark. «Interview in Spin UK». Henta 27. februar 2018.