David Davis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
David Davis
Official portrait of Mr David Davis crop 2.jpg
Fødd 23. desember 1948

York

Parti Det konservative partiet i Storbritannia

David Michael Davis (fødd 23. desember 1948 i York) er ein britisk konservativ politikar. Han var minister for den britiske uttredinga frå EU (Brexit) frå 13. juli 2016]] til 8. juli 2018.

Medlem av Underhuset[endre | endre wikiteksten]

I 1987 vart Davis medlem av Underhuset for Boothferry-kretsen i Yorkshire og Humber. I 1997 vart kretsen delt i fleire mindre kretsar, og Davis heldt fram som underhusmedlem for ein av dei nye kretsane (Haltemprice og Howden i Humberside i East Riding of Yorkshire).

Europaminister i 1994–1997[endre | endre wikiteksten]

Davis var viseminister for EU-tilhøve (Minister of State for Europe) i 1994–1997. Som europaminister var han underlagt utanriksministrane Douglas Hurd og Malcolm Rifkind.

I byrjinga av 1997 vart Davis medlem av statsrådet.

Partiformann[endre | endre wikiteksten]

Davis var formann for det britiske konservative partiet i 2001–2002. På denne posten vart han etterfuølgd av den seinare statsministeren Theresa May, som var den organisatoriske formannen til partiet i 2002–2003.

Minister for Brexit frå 2016[endre | endre wikiteksten]

Den 13. juli 2016 vart Davis medlem av Theresa May si regjering. Her fekk han den nyoppretta post som minister for Brexit.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]