David Foster

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
David Foster
DavidFosterHWOFMay2013.jpg
Foster då han fekk ei stjerne på Hollywood Walk of Fame i mai 2013
Verkeleg namn David Walter Foster
Fødd 1. november 1949 (68 år)
Victoria i British Columbia
Instrument piano, klaverinstrument, vokal, valthorn, synthesizer
Sjanger Pop, poprock, klassisk, gospel, R&B
Aktive år 1971 til i dag
Yrke Musikksjef, plateprodusent, musikar, komponist, låtskrivar, arrangør
Tilknytte artistar Skylark, Chicago, Attitudes, Airplay, Ronnie Hawkins & The Hawks
Plateselskap Verve, Reprise, 143, Atlantic
Nettstad www.davidfoster.com

David Walter Foster (fødd 1. november 1949) er ein kanadisk musikar, plateprodusent, komponist, låtskrivar og arrangør.[1] Han har vore produsent for mange kjende artistar som Christina Aguilera, Andrea Bocelli, Toni Braxton, Michael Bublé, Chicago, Natalie Cole, The Corrs, Céline Dion, Jackie Evancho, Kenny G, Josh Groban, Whitney Houston, Jennifer Lopez, Seal, Rod Stewart, Madonna, Barbra Streisand og Westlife. Foster har vunne 16 Grammy-prisar frå 47 nominasjonar. Foster er òg styreleiar i Verve Music Group.[2]. I 1980-, 1990- og tidleg i 2000-åra var han av dei mest suksessrike produsentane og låtskrivarane i popmusikken.[3]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Foster byrja å spele piano då han var fem år og gjekk på musikklinja på University of Washington åtte år seinare. Han vart med i bandet til Chuck Berry då han var 16 år gammal og flytta til Los Angeles i 1971 med gruppa si Skylark. Med dei fekk han ein stor hitt året etter med singelen «Wildflower». Foster vart ein ettersøkt klaverspelar og spelte på innspelingar med superstjerner som John Lennon, Barbra Streisand, Diana Ross og Rod Stewart.

Foster byrja produksjonskarrieren sin i 1976 med debutalbumet til gruppa si Attitudes. Han byrja etter kort tid å produsere musikk for andre, og skreiv låtar og produserte for Hall & Oates, Deniece Williams, Carole Bayer Sager, Boz Scaggs og the Average White Band. I 1979 fekk han den første Grammy-prisen sin for å ha skrive Earth, Wind and Fire sin «After the Love Has Gone». Frå den tid eksploderte karrieren til Foster, og han skreiv låtar og produserte for artistar som Kenny Rogers, the Tubes og Kenny Loggins. I 1982 vann han ein ny Grammy for å ha produsert albumet til musikalen Dreamgirls. Han skreiv òg produserte òg Chicago-hitten «Hard to Say I'm Sorry», og følgde opp med Lionel Richie sin Can't Slow Down i 1982. Med Chicago 17 i 1984, fekk Foster den største suksessen sin så langt, med den store hitsingelen «Hard Habit to Break», som han vann Grammy-prisen for årets produsent for.

Eit år seinare skreiv og produserte han John Parr sin «St. Elmo's Fire (Man in Motion)», og i 1986 samarbeidde han igjen med Chicago på Chicago 18 med hitten «Will You Still Love Me». I tillegg samarbeidde han med songaren i gruppa, Peter Cetera, som han skreiv «The Glory of Love» for. No var Foster vorte den blant dei mest suksessrike popprodusentane. Sjølv om musikkritikarane ofte slakta musikken hans, selde arbeidet hans særs godt og han har hatt dusinvis av hittar inne på topp 40 i USA.[3] Han var ganske roleg mot slutten av 1980-åra og arbeidde mellom anna med Neil DiamondThe Best Years of Our Lives og fleire filmprosjekt. I 1990 byrja Foster eit samarbeid med Celine Dion og hitten «Have a Heart». Eit år seinare arbeidde han med Natalie Cole for megahitten Unforgettable og vann tre Grammyar med årets singel, årets album og årets produsent.

I 1992 samarbeidde Foster med Whitney Houston på det særs populære filmmusikkalbumet The Bodyguard, som gav han nok ein Grammy for årets album, i tillegg til den store hitsingelen «I Will Always Love You», som vann prisen for årets singel og årets produsent. I tillegg vann han ein pris for årets arrangør med «When I Fall in Love», kjenningsmelodien til Sleepless in Seattle, framført av Celine Dion og Clive Griffin. For Dion produserte han så The Colour of My Love i 1993 med hitsingelen «The Power of Love», og eit år seinare produserte han All-4-One sin «I Swear». Med Falling Into You for Dion i 1996 vann Foster igjen Grammy-prisen fro årets album og «Because You Loved Me» vart nominert til årets singel. Ein stor hit han arbeidde på det året var òg Toni Braxton sin «Un-Break My Heart».

David Foster var med på å lansere karrieren til to mannlege songarar i 2000-åra: Josh Groban og Michael Bublé. Samstundes med alt studioarbeidet, har han gjeve ut eigne ting òg, og har gjeve ut over ti album sidan tidleg i 1980-åra.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Gruppediskografi
År Album Artist
1972 Skylark Skylark
1974 2 Skylark
1976 Attitudes Attitudes
1977 Good News Attitudes
1980 Airplay Airplay
1983 The Best of Me solo
1986 David Foster solo
1988 The Symphony Sessions solo
1989 Time Passing solo
1990 River of Love solo
1991 Rechordings solo
1993 The Christmas Album solo
1994 Love Lights The World solo
2008 Hit Man: David Foster & Friends solo
2011 Hit Man Returns: David Foster & Friends solo

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • 1985: «Love Theme From St. Elmo's Fire (For Just a Moment)» (US #15, #7 CAN)
  • 1986: «The Best of Me» (duett med Olivia Newton-John) (US #80, #17 CAN)
  • 1988: «Winter Games (Can't You Feel It)» – offisiell kjenningsmelodi for vinter-OL 1988 i Calgary (US #85, #21 CAN)
  • 2001: O Canada (med Lara Fabian) (#3 CAN)

Samlealbum[endre | endre wikiteksten]

  • 1992: A Touch of David Foster
  • 2000: The Best of Me: A Collection of David Foster’s Greatest Works
  • 2002: Love Stories
  • 2010: The Magic of David Foster & Friends
  • 2012: The Best of Celine Dion & David Foster[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]