David Grisman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
David Grisman
David-Grisman.jpg
Fødd23. mars 1945 (75 år)
FødestadHackensack i New Jersey i USA
Alias«Dawg»
OpphavUSA
AktivSidan 1963
SjangerBluegrass, newgrass, folk, jazz, americana
InstrumentMandolin
Tilknytte artistarEven Dozen Jug Band, Earth Opera, Jerry Garcia, Old & In the Way, Muleskinner, David Grisman Quintet, DGBX
PlateselskapKaleidoscope, Horizon, Warner Bros., Rounder, Acoustic Disc
Verka somMusikar, komponist, plateprodusent, selskapseigar

David Grisman (fødd 23. mars 1945) er ein USA-amerikansk mandolinist. Musikken hans kombinerer bluegrass, folk og jazz i ein sjanger han kalla «Dawg-musikk». Han skipa plateselskapet Acoustic Disc, som gjev ut innspelingane hans og innspelingar av andre akustiske musikarar.

Tidleg i 1960-åra spelte han med Even Dozen Jug Band i lag med Maria Muldaur og John Sebastian. Sidan spelte han i eit bluegrassband med Red Allen, så i det psykedeliske rockebandet Earth Opera. Han flytta til San Francisco, møtte Jerry Garcia og spelte på Grateful Dead-albumet American Beauty. Han spelte i bluegrassbandet til Garcia, Old & In the Way.[1]

I 1970-åra skipa han David Grisman Quintet. Dei gav ut et første albumet sitt i 1977, og det andre, Hot Dawg, to år seinare.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Erlewine, Stephen Thomas. «Old & In the Way». AllMusic. Henta 2. oktober 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]