David Halberstam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
David Halberstam

Statsborgarskap USA
Fødd 10. april 1934
New York by
Død

23. april 2007 (73 år)
Menlo Park

Yrke historikar, skribent, journalist
Språk engelsk
Ektefelle Elżbieta Czyżewska
David Halberstam på Commons
David Halberstam (1978)

David Halberstam (10. april 193423. april 2007) var ein amerikansk journalist og forfattar, fødd i New York by. Han var son av ein kirurg og ein lærar. 13 av bøkene hans vart bestseljarar.

Halberstam fullførte journalistikkstudiane ved Harvard-universitetet i 1955, og byrja karrieren sin med å skriva for avisa Daily Times Leader i West Point i Mississippi. Mot slutten av 1950-åra og tidleg i 1960-åra dekte han byrjinga på borgarrettsrørsla for avisa Nashville Tennesseean.

I midten av 1960-åra dekte han Vietnamkrigen for New York Times, der reportarverksemda hans leidde den amerikanske presidenten John F. Kennedy til å be om at han vart overført til eit anna byrå. Han vann Pulitzer-prisen for internasjonal reportasje i 1964.

Seinare i karrieren skreiv Halberstam om emne innan historie og sport. Han har også arbeidd med ei bok om Koreakrigen.

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • The Unfinished Odyssey of Robert Kennedy, 1965
  • The Making of a Quagmire: America and Vietnam during the Kennedy Era, 1965
  • Ho, 1971
  • The Best and the Brightest, 1972
  • The Powers That Be, 1979
  • The Amateurs: The Story of Four Young Men and Their Quest for an Olympic Gold Medal, 1985
  • The Reckoning, 1986
  • Summer of '49, 1989
  • The Next Century, 1991
  • The Fifties, 1993
  • October Nineteen Sixty-Four, 1994
  • Freedom Riders, 1998
  • The Children, 1999
  • Playing for Keeps: Michael Jordan and the World He Made, 1999
  • Sports on New York Radio: A Play-By-Play History, 1999
  • War in a Time of Peace: Bush, Clinton, and the Generals, 2001
  • Firehouse, 2002
  • The Teammates, 2003

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: David Halberstam