David II av Skottland
| David II av Skottland | |||
| David II på ein skotsk mynt frå 1351-1357. | |||
| Fødd | 5. mars 1324 | ||
|---|---|---|---|
| Fødestad | Dunfermline Palace | ||
| Død | 22. februar 1371 | ||
| Dødsstad | Edinburgh Castle | ||
| Gravstad | Holyrood Abbey | ||
| Gift med | Joan of The Tower, Margaret Drummond, Queen of Scotland | ||
| Dynasti | Huset Bruce | ||
| Far | Robert I av Skottland | ||
| Mor | Elizabeth av Burgh | ||

David II av Skottland, også kjend som David II Bruce, (5. mars 1324–22. februar 1371) var konge av Skottland frå 1329 til han døydde i 1371.
Som følgje av Edinburgh-Northampton-traktaten blei han gift med Joanna (død 1362), dottera til Edvard II av England og Isabella av Frankrike, den 17. juli 1328.
David blei konge av Skottland då faren hans, Robert I av Skottland, døydde 7. juni 1329. Han blei krona i Scone Abbey i november 1331.
Flukt til Frankrike
[endre | endre wikiteksten]Etter at Edvard III av England og protesjéen hans Edvard Balliol hadde sigra i slaget ved Halidon Hill i juli 1333, blei David og dronninga hans sende i tryggleik til Frankrike. Dei nådde Boulogne i mai 1334 og blei høgtideleg mottekne av den franske kongen Filip VI. Det er lite som er kjend frå livet til den skotske kongen i Frankrike, bortsett frå at han budde på Château-Gaillard og at han var til stades ved det blodlause møtet mellom dei engelske og franske hærane ved Vironfosse i oktober 1339.
I mellomtida hadde representantane hans fått overtaket i Skottland. David kunne difor venda tilbake til kongedømet sitt i juni 1341, og ta kontroll over styringa av riket på eigne vegner. Allereie i 1346, som resultat av Auld-alliansen, invaderte han England med ein hærstyrke for å støtta Frankrike. Han blei overvunnen og tatt til fange etter slaget ved Neville's Cross den 17. oktober same året.
Fangenskap i England
[endre | endre wikiteksten]David II blei verande i England i 11 år, og var då hovudsakleg i London og i Odiham i Hampshire. Fangenskapen hans var ikkje særleg streng, og forhandlingane om lauslatinga hans byrja straks. I oktober 1357, etter fleire avbrot, blei det underteikna ein traktat ved Berwick, den såkalla Berwick-traktaten av 1357, der dei skotske styresmaktene tok på seg forpliktinga med å betale ein sum på 100 000 merke for lauslatinga av kongen.
David, som moglegvis aksepterte Edvard III som føydal overkonge, vende straks tilbake til Skottland, men landet var både fattig og nedsylta i gjeld etter tiår med krig og hadde problem med å betale den store lauslatingssummen. Nokre få ratar blei betalte, men David II freista deretter å sleppa unna ved å tilby Edvard III, eller ein av sønene hans, å bli etterfølgjaren hans til den skotske trona. I 1364 avviste det skotske parlamentet indignert forslaget om at Lionel, hertug av Clarence, skulle bli den neste skotske kongen. David II forhandla likevel i all løyndom med Edvard III om denne saka etter at han hadde underslått ein del av dei pengane som var blitt samla inn.
Ettermæle
[endre | endre wikiteksten]Kongen døydde i Edinburgh Castle i 1371. Den andre kona hans var Margaret, fødd Drummond, enkje til sir John Logie, som han skilde seg frå i 1369. Rett før han døydde hadde David II planlagt å gifta seg med kjærasten sin Agnes Dunbar, ei dotter av hertuginne Agnes Dunbar av Moray. David II etterlét seg ingen born og blei etterfølgd av nevøen sin, Robert II.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «David II av Skottland» frå Wikipedia på bokmål, den 8. mars 2026.