Hopp til innhald

David Lindley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
David Lindley

Fødd21. mars 1944(1944-03-21)
FødestadSan Marino i California i USA
Død3. mars 2023 (78 år)
DødsstadPomona
AliasDe Paris Letante, Mr. Dave
OpphavUSA
AktivSidan 1966
SjangerRock, country, verdsmusikk
Instrument
Tilknytte artistarKaleidoscope, Terry Reid, El Rayo-X, Jackson Browne, Warren Zevon, Ry Cooder, Linda Ronstadt
PlateselskapAsylum, Atlantic, Epic, RCA Victor, Shanachie
Verka somMusikar, låtskrivar, produsent

David Perry Lindley (21. mars 19443. mars 2023) var ein USA-amerikansk musikar som skipa bandet El Rayo-X, og som arbeidde med mange artistar som Jackson Browne, Warren Zevon, Curtis Mayfield og Dolly Parton. Han spelte ei rekkje forskjellige instrument, faktisk så mange at magasinet Acoustic Guitar ikkje kalla Lindley ein mult-instrumentalist, men ein «maxi-instrumentalist.»[1]

Dei fleste instrumenta Lindley spelte var strengeinstrument, som akustisk og elektrisk gitar, kontrabass og bassgitar, banjo, lapsteelgitar, mandolin, fele, bouzouki, sitter, bağlama, gumbus, charango, cümbüş, oud og sitar.

Lindley skipa 60-talsbandet Kaleidoscope og arbeidde som turnéleiar for mange artistar.[1] I tillegg komponerte han stundom filmmusikk.[2]

Solodiskografi (utdrag)[endre | endre wikiteksten]

Med andre musikarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Kotapish, Paul (2005). «BIG little MUSIC: The Weird and Wonderful World of String Wizard David Lindley». Acoustic Guitar Magazine. s. Cover Story. Arkivert frå originalen 14. juni 2009. Henta 3. juni 2018. 
  2. IMDB, David Lindley
  3. http://soundfieldband.com/BucketList/BucketList.htm

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]