David Miner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
David Miner

Fødd24. juli 1945 (78 år)
FødestadFort Worth
OpphavUSA
Instrumentgitar, vokal
Verka somsongar

David Miner (fødd 24. juli 1945 i Fort Worth i Texas), stundom kalla David Minor, er ein amerikansk gitarist, songar og låtskrivar, kanskje mest kjend som medlem i Grace Slick sittband, The Great Society i 1960-åra.[1] Han var med på å starte The Great Society i lag med Jerry, Darby, og Slick i tillegg til Bard Du Pont. Miner song det meste av solovokalen den første tida i bandet, og skreiv òg fleire songar, som «That's How It Is,» «You Can't Cry» og «Daydream Nightmare Love».

Miner slutta i Great Society i 1966 for El Paso i Texas og gjekk inn på University of Texas at El Paso som student. I El Paso gifta han seg med andre kona si, òg ein student, og dei fekk to barn i lag. Miner tok doktorgrad i samanliknande litteratur evd universitetet. Han vart lærar ved City University i New York i 8 år.

Sjølv om han aldri gjekk attende til å bli fulltidsmusikar spelte han i lokale band i New York City, som The Axles, Avatar og The New Race—all i 1980-åra.

Han lagar igjen musikk, no som Helion Magister.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Unterberger, Richie. «Biography: David Miner». AMG. Henta 6 May 2010.