David Nelson
David Nelson | |||
| |||
Fødd | 12. juni 1943 (81 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Seattle i Washington i USA | ||
Opphav | San Francisco Bay Area | ||
Aktiv | Sidan tidleg i 1960-åra | ||
Sjanger | Rock, countryrock, bluegrass, folk | ||
Instrument | |||
Tilknytte artistar | New Riders of the Purple Sage, David Nelson Band, Jerry Garcia Acoustic Band, Phil Lesh and Friends | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar |
David Nelson (fødd 12. juni 1943) er ein USA-amerikansk musikar, songar og låtskrivar.[1] Han er kanskje mest kjend for å ha vore med å skipe New Riders of the Purple Sage, der han var medlem i mange år.[2]
Career
[endre | endre wikiteksten]Nelson byrja som vise- og bluegrassmusikar, mellom anna som medlem av The Wildwood Boys i lag med Jerry Garcia. Kort tid etter venen og kollegaen byrja å spele rock med The Warlocks (som sidan skifta namn til Grateful Dead), vart Nelson med i eit liknande band kalla New Delhi River Band.
I 1969 vart Nelson henta inn som ny sologitarist i Big Brother and the Holding Company. Før gruppa fekk ein erstattar for Janis Joplin, inviterte Garcia og John «Marmaduke» Dawson med seg Nelson som sologitarist i det nye psykedeliske countryrockbandet sitt, New Riders of the Purple Sage.[3] Etter å ha spelt med New Riders frå 1969 til 1982, slutta Nelson i bandet for å gjere andre ting. Mellom anna spelte han på Broadway som medlem av Jerry Garcia Acoustic Band og stundom turnerte han med Al Rapone and the Zydeco Express.
I midten av 1990-åra skipa Nelson si eiga gruppe, David Nelson Band (eller DNB), i lag med Bill Laymon (New Riders, Jefferson Starship, Harmony Grits, Gypsy Cowboy Band) på bass, Barry Sless (Cowboy Jazz, Phil Lesh and Friends, Kingfish) på solo- og pedalsteelgitar, Michael «Mookie» Siegel (Kingfish, Phil Lesh and Friends, Kettle Joe's Psychedelic Swamp Revue) på klaverinstrument og trekkspel og Arthur Steinhorn (Cowboy Jazz) på trommer.[4]
Nelson var med å starte opp att The New Riders of the Purple Sage i 2005. I tillegg til NRPS, har Nelson halde fram å spele med David Nelson Band, i tillegg til The Papermill Creek Rounders, ei bluegrassgruppe han var med å skipe i lag med venen Lowell «Banana» Levenger (tidlegare i The Youngbloods).
I tillegg arbeidet i sine eigne band, har Nelson spelt som gjesteartist på innspelingar for mange andre artistar, inkludert tre Grateful Dead-album: Aoxomoxoa, Workingman's Dead og American Beauty.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]David Nelson Band
[endre | endre wikiteksten]- Limited Edition (1996)
- Keeper of the Key (1997)
- Visions Under the Moon (1999)
- High Adventure in Japan (1999)
- Once in a Blue Moon (2014)
New Riders of the Purple Sage
[endre | endre wikiteksten]- New Riders of the Purple Sage (1971)
- Powerglide (1972)
- Gypsy Cowboy (1972)
- The Adventures of Panama Red (1973)
- Home, Home on the Road (1974)
- Brujo (1974)
- Oh, What a Mighty Time (1975)
- New Riders (1976)
- Who Are Those Guys? (1977)
- Marin County Line (1977)
- Feelin' All Right (1981)
- Before Time Began (1986)
- Vintage NRPS (1986)
- Live on Stage (1993)
- Worcester, MA, 4/4/73 (2003)
- Boston Music Hall, 12/5/72 (2003)
- Veneta, Oregon, 8/27/72 (2004)
- Armadillo World Headquarters, Austin, TX, 6/13/75 (2005)
- S.U.N.Y., Stonybrook, NY, 3/17/73 (2007)
- Wanted: Live at Turkey Trot (2007)
- Winterland, San Francisco, CA, 12/31/77 (2009)
- Where I Come From (2009)
- 17 Pine Avenue (2012)
- Thanksgiving in New York City (2019)
- Bear's Sonic Journals: Dawn of the New Riders of the Purple Sage (2020)
Med andre artistar
[endre | endre wikiteksten]- Aoxomoxoa – Grateful Dead (1969)
- Workingman's Dead – Grateful Dead (1970)
- American Beauty – Grateful Dead (1970)
- Slewfoot – David Rea (1973)
- Pistol Packin' Mama – The Good Old Boys (1976)
- Rock Columbia – Robert Hunter (1986)
- A Wing and a Prayer – Matt Kelly (1987)
- Almost Acoustic – Jerry Garcia Acoustic Band (1988)
- Zydeco to Go – Al Rapone (1990)
- Frank Wakefield and the Good Old Boys – Frank Wakefield and the Good Old Boys (1992)
- She's No Angel – Frank Wakefield and the Good Old Boys (1992)
- Dead Ringers – Dead Ringers (1993)
- Blue Morning – Toni Brown (1996)
- Dick's Picks Volume 8 – Grateful Dead (1997)
- Don't Stop the Music (Arrets Pas La Musique) – Allen Fontenot and the Country Cajuns (1997)
- Pure Jerry: Lunt-Fontanne, New York City, 31. oktober 1987 – Jerry Garcia Band og Jerry Garcia Acoustic Band (2004)
- Pure Jerry: Lunt-Fontanne, New York City, The Best of the Rest, October 15–30, 1987 – Jerry Garcia Band og Jerry Garcia Acoustic Band (2004)
- For Rex: The Black Tie Dye Ball – ymse artistar (2006)
- Crossing the Line – Bill Cutler (2008)
- Road Trips Volume 3 Number 3 – Grateful Dead (2010)
- Ragged but Right – Jerry Garcia Acoustic Band (2010)
- Songs of the Grateful Dead – Jesse McReynolds (2010)
- The Wheel: A Musical Celebration of Jerry Garcia – ymse artistar (2011)
- On Broadway: Act One – October 28th, 1987 – Jerry Garcia Band and Jerry Garcia Acoustic Band (2015)
- Folk Time – Hart Valley Drifters (2016)
- Before the Dead – ymse artistar (2018)
- Good Old Boys Live: Drink Up & Go Home – The Good Old Boys (2018)
- Family Business – Ronnie Penque (2019)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «David Nelson» frå Wikipedia på engelsk, den 17. oktober 2020.
- ↑ Swihart, Stanton. David Nelson på Allmusic. Henta 24. februar 2012.
- ↑ «The History of NRPS», nrps.net. Henta 2. mars 2012.
- ↑ «Interview with David Nelson of the New Riders of the Purple Sage, Part 1», KBOO, May 2009. Henta 4. mars 2012.
- ↑ David Nelson interview Arkivert 2012-03-15 ved Wayback Machine., Digital Interviews, June 1999. Henta 4. mars 2012.