David Paul Briggs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen handlar om musikaren frå Alabama. For musikaren frå California, sjå David Briggs.
David Paul Briggs
Fødd16. mars 1943
FødestadKillen
FødenamnDavid Paul Briggs
OpphavUSA
Instrumentpiano
PlateselskapDecca Records
Verka sommusikkprodusent, pianist, komponist

David Paul Briggs (fødd 16. mars 1943 i Killen i Alabama i USA) er ein amerikansk klaverspelar, plateprodusent, arrangør, låtskrivar og studioeigar. Han spelte på den første innspelinga si berre 14 år gammal og har sidan spelt klaverinstrument for mange artistar innan pop, rock og country, i tillegg til mange hundre reklamar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

I mai 1966[1] fekk Briggs høve til å spele med Elvis Presley på albumet How Great Thou ArtFloyd Cramer kom for seint i studio. Briggs heldt fram å spele og turnere med Presley fram til februar 1977.[2]

David Briggs og Norbert Putnam opna Quadrafonic Studios seint i 1960-åra. Det vart seld i 1976 og Briggs opna House of David.

Briggs var plateartist på Decca, Polydor og Monument i 1960-åra og medlem av bandet Area Code 615 1969-1971. Artistar han har arbeidd med er mellom anna Elvis Presley, Dean Martin, Joan Baez, Nancy Sinatra, B.B. King, Johnny Cash, Dolly Parton, Waylon Jennings, George Harrison, Todd Rundgren, Roy Orbison, The Monkees, J. J. Cale, Kris Kristofferson og mange andre.

David Briggs vart innelemma i Alabama Music Hall of Fame i 1999.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Keith Flynn's Elvis Presley Pages». Keithflynn.com. Henta 24. januar 2015. 
  2. «Elvis Presley In Concert». Elvisconcerts.com. Henta 24. januar 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]