David Sadler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
David Sadler
Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 5. februar 1946 (78 år)
England
Yrke fotballspelar
Språk engelsk

David Sadler (fødd 5. februar 1946) er ein engelsk tidlegare fotballspelar frå Kent fylke. Han vart to gongar ligameister med Manchester United og var i 1968 med å vinne Europacupen i fotball.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Sadler fekk sin ligadebut for Manchester United 24. august 1963 mot Sheffield Wednesday. Den fyrste tida i United spelte han både på midtbana og i angrepet, men vart etter kvart mest nytta som midtstoppar jamsides rutinerte Bill Foulkes. Både i 1965 og 1967 var Sadler med å sikre ligatittelen for Manchester-laget. Den 29. mai 1968 stod Sadler og Manchester United for ei historisk bragd då klubben vart den fyrste engelske vinnaren av Europacupen i fotball, etter å ha slått Benfica med 4-1 i finalen på Wembley stadion i London. 8. november 1973 vart Sadler overført til 2. divisjonslaget Preston North End, som vart trena av Bobby Charlton, hans tidlegare lagkamerat i United. Ved sesongslutt i 1977 la Sadler opp, grunna skade.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Hausten 1967 spelte Sadler to kampar i Englands landslagsdrakt, det same gjorde han i året 1970.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]