David Spinozza

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
David Spinozza
Fødd8. august 1949 (74 år)
FødestadNew York by
OpphavUSA
Sjangerjazz-fusion, rock
Instrumentgitar
PlateselskapA&M Records
Verka sommusikkprodusent, gitarist, låtskrivar, musikar, klaverspelar, perkusjonist, wind instrument player

David Spinozza (fødd 8. august 1949) er ein amerikansk gitarist og produsent. Han arbeidde med både Paul McCartney og John Lennon i 1970-åra.[1] Seinare hadde han eit langvarig samarbeid med songar-låtskrivaren James Taylor, og produserte albumet hans Walking Man.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Spinozza arbeidde med McCartney på Ram i 1971. Då sjansen kom for å få arbeide med Lennon to år seinare, oppdaga Spinozza at han Lennon ikkje visste at han hadde arbeidd med McCartney. På grunn av feiden mellom McCartney og Lennon på denne tida var han redd for å få sparken om Lennon fekk vite om det. Då Lennon fekk vite om det sa han berre at McCartney visste å hente inn gode folk.

Spinozza spelte òg på Ringo Starr-albumet Ringo the 4th i 1977, og hadde dermed arbeidd med tre av fire Beatles-medlemmar.

Han spelte akustisk gitar på songen «Honesty» i 1978 på albumet 52nd Street av Billy Joel.

Spinozza spelte gitarsoloen på Dr. John-hitten «Right Place, Wrong Time», Paul Simon-albuma Paul Simon og There Goes Rhymin' Simon, Don McLean sitt American Pie. Seinare medverka han med filmmusikk til filmane Dead Man Walking, Happiness og Just the Ticket.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Med B.B. King

Med Rusty Bryant

Med Richard Davis

Med Art Farmer

Med Johnny Hodges

Med Robin Kenyatta

Med Yusef Lateef

Med Johnny Lytle

Med The Thad Jones/Mel Lewis Orchestra

Med Herbie Mann

Med Jean-Pierre Ferland

Med Arif Mardin

Med Les McCann

Med David Newman

Med Shirley Scott

Med Joe Thomas

Med Charles Williams

Med Deodato

Med Billy Joel

Med David Sanborn

Med Michael Kenny

  • gitar på somme spor på albumet Michael Kenny (Tom Cat/RCA, 1976)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rodriguez, Robert (2010). Fab Four FAQ 2.0: The Beatles' Solo Years 1970-1980. Hal Leonard Corporation. s. 205–207. ISBN 978-0-87930-968-8. Henta 17. august 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]