David Swensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
David Swensen
Fødd11. september 1826
Død26. oktober 1904 (78 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar
Alle verv

David Dietrichs Swensen (11. september 182626. oktober 1904) var ein norsk skulemann og næringsdrivar frå Skjold i Rogaland.

Swensen var son til ein sokneprest. I 1845 var han eit halvår landbrukselev hos ein agronom i Lier. Året etter tilsett som praksislærar ved Buskeruds amts landbruksskule, styrar av skulen frå 1849 til 1863. I 1857 kjøpte han garden Skollerud i Ådalen, der han dreiv privat landbruksskule fram til 1874. Han selde då garden og busette seg i Kristiania. Her dreiv han skipsreiarlag og saman med andre starta han 1882 tresliperiVestfossen i Eiker. Året etter var han delaktig i opprettinga av Gjøvik cellulosefabrikk i Vardal.

Swensen var medlem av heradsstyret i Ådalen i lengre tid, ordførar i fleire år. Han var formann i matrikkelkommisjonen i heradet og av Hallingdals fogderikommisjon 1867-68. Swensen var 2. representant frå Buskeruds amt på Stortinget både i 1869-71 og 1871-73. I begge periodane var han medlem av tollkomiteen.

Swensen døydde i Kristiania i 1904.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914