David Vikøren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
David Vikøren
Fødd 26. september 1926 (94 år)
Haugesund
Yrke administrerande direktør

David Vikøren (fødd 26. september 1926[1]) var administrerande direktør i Norges Rederiforbund frå 1. januar 1977 til 1992. Han er cand.oecon. frå Universitetet i Oslo 1951. Deretter arbeidde han eit år i Statistisk sentralbyrå før han vart knytt til Rederforbundet i 1952. Han vart assisterande direktør i 1964 og direktør i 1969. Han har hatt ei rekkje offentlege verv og vore rådgjevar ved norske delegasjonar til OECD og UNCTAD.[2][3]

Far hans, Olav Vikøren (1884-1964), var folkehøgskolerektor og forfattar. Då David vart fødd, var han rektor på Nordhordland folkehøgskole, men i 1928 flytta familien til Gjøvik der han vart rektor på Viken folkehøgskole.[4]

Verv[endre | endre wikiteksten]

Heider[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]