David Weidemann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
David Weidemann
Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. september 1800
Borgund kommune
Død

29. mars 1881 (80 år)

Yrke lege, politikar
Språk norsk
Far Lauritz Weidemann

David Christopher Weidemann (19. september 180029. mars 1881) var ein norsk lege som representerte Holmestrandstortinga 1842 og 1865-66.

Weidemann var fødd i BorgundSunnmøre, då faren Lauritz Weidemann var sorenskrivar der. Han vart student i 1819, og budde på 1820-talet i hovudstaden. Der var han åra 1825-29 kandidat ved «den midlertidige fødselsstiftelse», og i 3½ år fattiglege i Christiania. Ferdig utdanna cand.med. i 1827.

I 1829 flytta Weidemann til Holmestrand og budde der resten av livet. Han var bylege i lang tid. Både i 1839-40 og 1848 var han ordførar for bystyret. Som styreformann i den lokale sparebanken spela han ei avgjerande rolle då Holmestrands bad vart bygt.

Weidemann var stortingsrepresentant frå Holmestrand både i 1842 og i 1865-66. I 1842 var han medlem i Militærkomiteen, medan han i 1865-66 hadde plass i Gasje- og pensjonskomiteen og i Lagtinget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]