David Wilkie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
David Wilkie

Sjølvportrett, ca. 1840
Statsborgarskap Kongeriket Storbritannia
Fødd 18. november 1785
Fife
Død

1. juni 1841 (55 år)
Crown Colony of Malta

Yrke skodespelar, kunstmålar
Sjanger sjangermåleri, historiemåleri
Medlem av Royal Academy of Arts, Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen
David Wilkie på Commons

David Wilkie (18. november 17851. juni 1841) var ein skotsk målar som frå 1830 var hoffmålar i Storbritannia, og som vert rekna som ein av grunnleggjarane av målarkunsten i Skottland.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Introduksjonsbrevet, 1813
Pitlessie-marknaden, 1804
Opplesing av testamentet, 1820

Wilkie byrja studere kunst i Edinburgh i 1799. Fire år seinare fekk han pris for biletet Kallisto i badet med Diana. Frå 1805 studerte han ved Royal Academy of Arts i London, der han fekk merksemd for måleri som til dømes Lokalpolitikaren og Den blinde felespelaren. I 1811 vart han teken opp som medlem av kunstakademiet. Dei komande åra måla han bilete som Introduksjonsbrevet og Testementet vert opplese.

År 1825 la Wilike ut på ein rundtur på det europeiske kontinentet. Gjennom ein treårsperiode besøkte han Frankrike, Tyskland, Italia og Spania. Under denne reisa endra han både stil og tema. I staden for ei nøyaktig penselføring valde han å måle med brei pensel. Gjennom sine studium av gamla meistrar, mellom andre Correggio, Rembrandt og Diego Velázquez fekk bileta hans ein lettare karakter, dei meir ymta frampå enn avdekte. Måleri som Spansk posada og Jenta frå Zaragoza er døme på dette.

Jenta frå Zaragoza, 1828

Så småningom gjekk Wilkie over til å måle historiske bilete og portrett. Best kjend av historiemåleria er Knox deler ut sakramentet; andre er Columbus og egget og Maria Stuarts flukt. Mellom portretta hans merker framstillingane av kong Georg, dronning Victoria, lady Lyndhurst, sir James MacGregor, hertugen av Wellington og landskapsmålaren Thomas Daniell seg ut.

Frå 1830 var Wilkie «kongens målar» og vart i 1836 slått til riddar. År 1840 reiste han til Konstantinopel, der han måla eit portrett av sultanen Abdülmecit. Deretter besøkte han Palestina og Egypt, men vart sjuk i Alexandria. Han døydde ombord på ein fregatt ved Malta og liket vart senka i havet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: David Wilkie