Dawn Harper

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dawn Harper


Dawn Harper under friidretts-VM 2011

Statsborgarskap USA
Fødd 13. mai 1984 (39 år)
East St. Louis
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2012

Dawn Harper (fødd 14. juni 1984) er ein USA-amerikansk friidrettsutøvar frå East Saint Louis i delstaten Illinois som speisaliserte seg i 100 meter hekk. Ho vann OL-gull på korthekken i 2008, samt VM-bronse i 2011 og OL-sølv i 2012.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Harper overraska og tok gullmedaljen i 100 meter hekk under Sommar-OL 2008 på ny personleg rekord, 12,54 sekundar. Tre år seinare fekk ho notert 12,47 sekundar då ho kom på bronseplassen under verdsmeisterskapen i Daegu i 2011. Under dei olympiske leikane i London i 2012 var ho svært nær ved å forsvare OL-tittelen ved å prestere sitt livs snøggaste korthekkløp på 12,37 sekundar, men største favoritten i tevlinga, Sally Pearson, forbetra den olympiske rekorden til 12,35 og fekk gullmedaljen med heim til Australia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]