Dawn of the Black Hearts
Dawn of the Black Hearts Konsertalbum av Mayhem | ||
Utgjeve | Januar 1995 | |
Innspelt | 28. februar 1990 i Sarpsborg (1986 i Ski) | |
Sjanger | Svartmetall | |
Lengd | 48:33 | |
Selskap | Warmaster Records | |
Konsertalbum-kronologi | ||
---|---|---|
Live in Leipzig (1993) |
Dawn of the Black Hearts | Mediolanum Capta Est (1999) |
Mayhem-kronologi | ||
De Mysteriis Dom Sathanas (1994) |
Dawn of the Black Hearts | Out From the Dark (1995)
|
Dawn of the Black Hearts er det andre konsertalbumet til Mayhem. Svartmetallalbumet er kanskje mest kjent for sitt kontroversielle plateomslag: eit fotografi av den daude vokalisten Dead, etter sjølvmordet hans i april 1991. Albumet vart kåra til det mest kontroversielle plateomslaget av Gigwise.com i artikkelen deira «The 50 Most Controversial Covers of All Time».
Albumet vart utgjeve 1995, fem år etter innspeling. 300 kopiar vart opphavleg utgjevne av Warmaster Records, eit dotterselskap til Columbia. Desse inneheldt berre åtte spor frå konserten i Sarpsborg, 28. februar 1990. Desse tidlegaste kopiane i inneheldt òg Mayhems logo i gullblekk.
Albumet har vore utgjeve fleire gonger på CD av andre plateselskap; også Warmaster Records har gjort det same. Desse versjonane inneheld ofte ein konsert frå 1986 frå Ski, med Messiah på vokal. Nokre av plateselskapa hevder – feilaktig – at konserten er frå Lillehammer med vokalisten Maniac og Manheim på perkusjon. Lillehammer-konserten gjev akt på å vera meir eksluvist og sjeldan enn Ski-konserten.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Deathcrush» | 3:36 |
2. | «Necrolust» | 4:19 |
3. | «Funeral Fog» | 6:38 |
4. | «Freezing Moon» | 6:06 |
5. | «Carnage» | 4:18 |
6. | «Buried by Time and Dust» | 5:46 |
7. | «Chainsaw Gutsfuck» | 3:59 |
8. | «Pure Fucking Armageddon» | 3:15 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
9. | «Danse Macabre» (Cover av Celtic Frost) | 1:10 |
10. | «Black Metal» (Cover av Venom) | 3:00 |
11. | «Procreation of the Wicked» (Cover av Celtic Frost) | 2:40 |
12. | «Welcome to Hell» (Cover av Venom) | 3:46 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]Frå 1990, Sarpsborg:
- Dead (Per Yngve Ohlin) – vokal
- Euronymous (Øystein Aarseth) – elektrisk gitar
- Hellhammer (Jan Axel Blomberg) – perkusjon
- Necrobutcher (Jørn Stubberud) – bassgitar
Frå 1986, Ski (bonusspor):
- Messiah (Eirik Nordheim) – vokal
- Euronymous (Øystein Aarseth) – gitar
- Manheim (Kjetil Manheim) – perkusjon
- Necrobutcher (Jørn Stubberud) – bassgitar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen byggjer på «Dawn of the Black Hearts» frå Wikipedia på engelsk, den 31. juli 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Kahn-Harris, Keith (2007): Extreme Metal: Music and Culture on the Edge Oxford: Berg Publishers. ISBN 1845203992
- Stalhammar, Kai Magnus: The "Dawn of the Black Hearts" Review