Dawson-øya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Isla Dawson
Dawson-øya i raudt.
Dawson-øya i raudt.
Geografi


Stad Eldlandet
Koordinatar 53°58′S 70°35′WKoordinatar: 53°58′S 70°35′W

Areal 1290 km²

Administrasjon
Land Chile
Region
Provins
Magallanes y de Antartica Chilena
Magallanes

Demografi
Folketal ca. 300 (2002)

Dawson-øya (spansk: Isla Dawson) er ei chilensk øy og ei av dei nordlegaste øyane i Eldlandet. Dawson-øya ligg i Magellansundet, sørvest for Brunswick-halvøya og nord for Storøya i Eldlandet.

Det finst tre mindre busetnader på øya: Puerto Harris, Puerto San Antonio og Puerto Almeida. I 1992 hadde øya til saman eit folketal på 415; dette hadde sokke til 301 i 2002.

Seint på 1800-talet vart Dawson-øya brukt som konsentrasjonsleir for dei innfødde eldlendarane. Italienske misjonærar fekk løyve til å busetja seg på øya med indianarane frå 1890. Eitt av misjonærhusa står framleis og gjeld i dag som chilensk nasjonalmonument. I 1970-åra, nærmare vår tid, vart politiske fangar plassert på øya, ofte mistenkt for å vera kommunistiske aktivistar. Den chilenske filmregissøren Miguel Littin har laga film om denne historia. Den kom ut i 2009 med tittelen Dawson, Isla 10.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]