Day After Day av Badfinger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Day After Day
Singel av Badfinger
frå albumet Straight Up
B-side «Money» (USA)
«Sweet Tuesday Morning» (Storbritannia)
Utgjeve 10. november 1971 (USA)
14. januar 1972 (Storbritannia)
Sjanger Powerpop[1]
Lengd 3:02
Selskap Apple
Låtskrivar(ar) Pete Ham
Produsent George Harrison
Badfinger-kronologi
«No Matter What»
(1970)
Day After Day «Baby Blue»
(1972)


«Day After Day» er ein song av det britiske rockebandet Badfinger frå albumet Straight Up i 1971. Han vart skriven av Pete Ham og produsert av George Harrison, som òg spelar slidegitar på innspelinga. Songen vart gjeven ut på singel og vart ein av dei største hittane til Badfinger. Singelen nådde fjerdeplassen på singellista i USA og selde til gullplate.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

«Day After Day» vart skriven og sungen av Pete Ham. Innspelinga var produsert av George Harrison,[2] som òg spelar slidegitar på songen i lag med Ham.[3] Leon Russell spelar piano på albumet. Sidan songen var uferdig då Harrison måtte gje seg som produsent for å konsentrere seg om Concert for Bangladesh, vart den endelege miksen gjort av Todd Rundgren, som tok over som produsent på Straight Up etter Harrison.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Songen kom ut på singel i USA i november 1971 (januar 1972 andre stader) og vart den største hitten til Badfinger der. Singelen nådde fjerdeplassen på Billboard Pop Singles-lista.[4] Han nådde òg tiandeplassen på UK Singles Chart i januar 1972. Han er ein av dei mest kjende songane til bandet, og er særleg kjend for slidegitarsoloane. Singelen selde til gullplate i mars 1972 og vart den første og einaste gullplata deira. «Day After Day» nådde tiandeplassen på Easy Listening-lista.[5]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Badfinger

Andre medverkande

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1971–72) Plassering
Australian Go-Set National Top 40[6] 7
Australske Kent Music Report 6
Kanadiske RPM 100 2
New Zealand Listener Chart[7] 3
UK Singles Chart 10
US Billboard Hot 100[8] 4
US Cash Box Top 100[8] 3
US Record World Singles Chart[8] 1

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1972) Plassering
Canada 52
US Billboard Hot 100[9] 39
US Cash Box[10] 48

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sendra, Tim. «Various Artists – Golden Groups & Glitter Sounds». AllMusic. All Media Network. Henta 9. mai 2014. 
  2. Castleman, Harry; Podrazik, Walter J. (1977). «1971 – My Sweet Lord, He's So Fine». All Together Now – The First Complete Beatles Discography 1961–1975 (Second utg.). New York: Ballantine Books. s. 106. ISBN 0-345-25680-8. 
  3. Rodriguez, Robert (2010). Fab Four FAQ 2.0: The Beatles' Solo Years, 1970–1980 (illustrated utg.). New York: Backbeat Books. s. 41. ISBN 9780879309688. 
  4. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book of Top 40 Hits: Eighth Edition. Record Research. s. 42. 
  5. Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961–2001. Record Research. s. 26. 
  6. «Go-Set Australian charts – 15. april 1972». poparchives.com.au. Henta 26. oktober 2017. 
  7. «flavour of new zealand - search listener». Flavourofnz.co.nz. Henta 3. oktober 2016. 
  8. 8,0 8,1 8,2 Whitburn, Joel (2015). The Comparison Book. Menonomee Falls, Wisconsin: Record Research Inc. s. 28. ISBN 978-0-89820-213-7. 
  9. «Top Pop 100 Singles» Billboard 30. desember 1972: TA-3
  10. «Archived copy». Arkivert frå originalen 22. oktober 2014. Henta 10. juni 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]