Days of Future Passed

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Days of Future Passed
Studioalbum av The Moody Blues
Utgjeve 11. november 1967
Innspelt 8. oktober - 3 november 1967
Decca Studios
West Hampstead, London
Sjanger Symfonisk rock
Progressiv rock
Psykedelisk rock
Lengd 41:34
Selskap Deram Records
Produsent Tony Clarke
Kritikk
The Moody Blues-kronologi
The Magnificent Moodies
(1965)
Days of Future Passed In Search of the Lost Chord
(1968)


Days of Future Passed er det andre albumet og det første konseptalbumet til The Moody Blues, og kom ut i 1967. Det er òg det første albumet deira med Justin Hayward og John Lodge, som spelte ei særs stor rolle i retninga bandet tok i tiåra som kom. Med hjelp av London Festival Orchestra for episke instrumentale mellomspel mellom songane, fjerna Birmingham-bandet seg bort frå dei tidlege R&B-røtene sine (som ein kan høyre på debutalbumet med framtidig Wings-medlem Denny Laine) og inn i eit område av rocken ein ikkje hadde høyrt tidlegare. Bandet vart med albumet ein av dei første pionerane innan både klassisk og progressiv rock.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Bandmedlemmar har hevda at det britiske plateselskapet deira, Decca Records, ønskte at dei skulle spele inn ein rockeversjon av Dvořák sin Nye verd-symfoni for det nyoppretta Deram Records, slik at selskapet kunne syne den nyaste lydteknologien sin, kalla «Deramic Sound». I staden for valte bandet heller å fokusere påe it album basert på eit original teaterstykke dei hadde arbeidd med. Lydteknikaren til Decca, Derek Varnals, hevdar derimot at dette er feil og at det sjølv frå byrjinga av innspelinga i 1967 ikkje var meininga å spele inn eit Dvořák-album og at det først vart snakk om dette prosjektet på midten av 1970-talet.[2]

Konseptet for både teaterstykket og albumet var særs enkelt, å følgje ein ein vanleg mann ein enkel dag frå morgon til kveld, frå han vaknar til han sovnar. Av dei sju songane på albumet var to av dei hitsinglar: «Tuesday Afternoon» (som på albumet var slått saman med «Evening: Time To Get Away» til ein enkel song kalla «The Afternoon: Forever Afternoon (Tuesday?)») og «Nights in White Satin» som nådde andreplassen på singellista i Storbritannia fem år etter albumet kom ut.

Prosjektet var nesten stoppa då sjefane i Deram meinte det ville framandgjere både tilhengjarar av rock og klassisk musikk. Då albumet kom ut fekk dei kritikk for indikasjonar om dop, særleg med linjer som «the smell of grass just makes you pass into a dream» og «those gentle voices I hear explain it all with a sigh.» Trass i kritikken i starten, bana Days of Future Passed veg for progressiv rock hos andre band og er i dag eit av dei mest populære albuma til Moody Blues.

På det originale omslaget var orkesterdelane tilskrivne «Redwave/Knight». «Knight» var dirigent Peter Knight, medan «Redwave» var eit oppdikta namn på Moody Blues sjølv. Knight bygde orkestermusikken kring tema skrivne av Hayward, Thomas, Pinder & Lodge.

I mars 2006 albumet mastra på ny til SACD-formatet og gjeven ut som ein dobbel CD.

I 2008 vart albumet gjeven ut som ein enkel CD igjen med ti bonusspor.

Albumet på lista til magasinet Classic Rock kalla «50 album som bygde progrock».[3]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
1. The Day Begins: (5:50)
2. Dawn: (3:48)
3. The Morning: (3:55)
  • (Intro) (Peter Knight) [ikkje ført opp i omslaget] - (0:21)
  • «Another Morning» (Ray Thomas) - (3:34)
4. Lunch Break: (5:33)
  • (Intro) (Peter Knight) - (1:53)
  • «Peak Hour» (John Lodge) - (3:40)
Side to
5. The Afternoon: (8:23)
6. Evening: (6:40)
  • (Intro) (Peter Knight) [ikkje ført opp i omslaget] - (0:38)
  • «The Sunset» (Pinder) - (2:39)
  • «Twilight Time» (Thomas) - (3:23)
7. The Night: (7:24)
  • «Nights in White Satin» (Hayward) - (5:38)
  • «Late Lament» (Graeme Edge) [ikkje ført opp i omslaget] - (1:46)

Bonusspor på 2006-utgåva[endre | endre wikiteksten]

  1. «Tuesday Afternoon» (Hayward) – 4:20 alternativ miks
  2. «Dawn Is A Feeling» (Pinder) – 2:19 alternativ versjon
  3. «The Sun Set» (Pinder) – 2:49 alternativ versjon utan orkester
  4. «Twilight Time» (Thomas) – 2:27 alternativ vokalmiks
  5. «Nights in White Satin» (Hayward) – 4:26 monomiks frå singel gjeven ut i november 1967
  6. «Fly Me High» (Hayward) – 2:54 Spelt inn 30. mars 1967; gjeven ut som singel mai 1967
  7. «I Really Haven't Got The Time» (Pinder) – 3:07 Spelt inn 30. mars 1967; gjeven ut som b-side mai 1967
  8. «Love and Beauty» (Pinder) – 2:23 Spelt inn 17. juli 1967; gjeven ut som singel september 1967
  9. «Leave This Man Alone» (Hayward) – 2:58 Spelt inn 17 juli 1967; gjeven ut som b-side september 1967
  10. «Cities» (Hayward) – 2:23 Spelt inn 17. juli 1967; gjeven ut november 1967 som b-side til «Nights in White Satin»
  11. «Long Summer Days» (Hayward) – 3:12 Spelt inn 19 mai 1967 og gjeven ut på Caught Live + 5
  12. «Please Think About It» (Pinder) – 3:40 Spelt inn 29. juni 1967 og gjeven ut på Caught Live + 5
  13. «Don't Let Me Be Misunderstood» (Bennie Benjamin, Gloria Caldwell, Sol Marcus) – 2:23 konsertopptak 9. mai 1967 for BBC Saturday Club
  14. «Love and Beauty» (Pinder) – 2:12 konsertopptak 20. september 1967 for BBC Easybeat
  15. «Leave This Man Alone» (Hayward) – 2:52 konsertopptak 20 september 1967 for BBC Easybeat
  16. «Peak Hour» (Lodge) – 3:22 konsertopptak 20 september 1967 for BBC Easybeat
  17. «Nights in White Satin» (Hayward) – 3:48 konsertopptak 1 januar 1968 for BBC Dave Symonds
  18. «Fly Me High» (Hayward) – 2:45 konsertopptak 1 januar 1968 for BBC Dave Symonds
  19. «Twilight Time» (Thomas) – 2:08 konsertopptak 1 januar 1968 for BBC Dave Symonds

Bonusspor på 2008-utgåva[endre | endre wikiteksten]

  1. «Don't Let Me Be Misunderstood» (Benjamin, Caldwell, Marcus) – 2:23 konsertopptak 9 mai 1967 for BBC Saturday Club
  2. «Fly Me High» (Hayward) – 2:54 Spelt inn 30. mars 1967; gjeven ut som singel i mai 1967
  3. «I Really Haven't Got The Time» (Pinder) – 3:07 Spelt inn 30 mars 1967; gjeven ut som b-side mai 1967
  4. «Love and Beauty» (Pinder) – 2:23 Spelt inn 17. juli 1967; gjeven ut som singel september 1967
  5. «Leave This Man Alone» (Hayward) – 2:58 Spelt inn 17 juli 1967; gjeven ut som b-side september 1967
  6. «Cities» (Hayward) – 2:23 Spelt inn 17. juli 1967; gjeven ut november 1967 som b-side til «Nights in White Satin»
  7. «Tuesday Afternoon» (Hayward) – 4:20 alternativ miks
  8. «Dawn Is A Feeling» (Pinder) – 2:19 alternativ versjon
  9. «The Sun Set» (Pinder) – 2:49 alternativ versjon utan orkester
  10. «Twilight Time» (Thomas) – 2:27 alternativ vokalmiks

Lister[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

År Liste Plassering
1967 Storbritannia 27[4]
1972 Billboard 200 3

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Singel Liste Plassering
1967 «Nights in White Satin» Storbritannia 19[5]
1968 «Tuesday Afternoon» Billboard Hot 100 24
1972 «Nights in White Satin» Storbritannia 9[6]
Billboard Hot 100 2

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Moody Blues:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]