Dazed and Confused

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Dazed and Confused er ein song av Jake Holmes, som vart spela av The Yardbirds, og seinare omarbeidd av Led Zeppelin som har ein eigen opphavsrett på songen.[1]

Jake Holmes[endre | endre wikiteksten]

Dazed and Confused
Song av Jake Holmes
frå albumet The Above Ground Sound
Utgjeve 1967
Sjanger Folkrock, psykedelisk rock, psykedelisk folk
Lengd 3:50
Selskap Tower
Låtskrivar(ar) Jake Holmes

Visesongaren Jake Holmes skreiv og spela inn «Dazed and Confused» for debutalbumet sitt, "The Above Ground Sound" of Jake Holmes, som kom ut i juni 1967. Som andre songar på albumet inneheld han ikkje trommer. Songen vart spelt inn som ein trio med Holmes på gitar i tillegg til piano og vokal, Ted Irwin på gitar og Rick Randle på bass.[2][3] Songen har feilaktig vorte merka som ei soge om ein dårleg LSD-trip. Holmes har sjølv stadfesta at det ikkje er tilfellet.[4]}} I juni 2010 saksøkte Jake Holmes Led Zeppelin-gitarist Jimmy Page for brot på opphavsretten, og hevda å ha skrive og spelt inn «Dazed and Confused» to år før han kom ut på debutalbumet til Led Zeppelin. I retten dokumenterte Holmes registreringa av opphavsrettten frå 1967, som vart fornya i 1995..[5]

The Yardbirds[endre | endre wikiteksten]

Under ein turne i 1967 i USA spelte Jake Holmes som oppvarming for The Yardbirds i Village Theater i Greenwich Village den 25. august 1967.[6] The Yardbirds var inspirerte av framføringa hans og valte å gjere sitt eige arrangement for ein ny song. Denne versjonen inneheld lange instrumentale parti med gitar spelt med fiolinboge av Jimmy Page. Page har sagt ath an fekk ideen om å nytte fiolinboge på gitaren frå fiolinisten David McCallum, Sr., då han var studiomusikar før han kom med i Yardbirds i 1966.[7] Songen vart kjapt ein fast del av konsertane til The Yardbirds det siste året dei eksisterte.

Songen vart aldri innspelt av bandet, sjølv om det finst konsertversjonar på albumet Live Yardbirds: Featuring Jimmy Page med den alternative tittelen «I'm Confused».[8]

Led Zeppelin-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Dazed and Confused
Song av Led Zeppelin
frå albumet Led Zeppelin
Utgjeve 12. januar 1969
Innspelt Oktober 1968, Olympic Studios i London i England
Sjanger Heavy metal, hardrock, psykedelisk rock, bluesrock
Lengd 6:26
Selskap Atlantic
Låtskrivar(ar) Jimmy Page
Produsent Jimmy Page

Då the Yardbirds vart oppløyst i 1968, vart songen «Dazed and Confused» omarbeidd av Page igjen, denne gongen som medlem av Led Zeppelin. I følgje bassisten i Led Zeppelin John Paul Jones, var første gongen han høyrte songen under den aller første øvinga til bandet i Gerrard Street i London i 1968: «Jimmy spelte oss riffa på den første øvinga og sa, dette er ein song eg vil at me skal gjere.»[9] Led Zeppelin spelte inn versjon sin i oktober 1968 i Olympic Studios i London, og songen vart gjeven ut på debutalbumet Led Zeppelin i 1969.

Led Zeppelin-utgåva vart ikkje tilskriven Holmes, berre Page, som hadde skrive ny tekst og endra melodien nok til å unngå og verte skulda for plagiat.[10][3][11] Holmes gjorde ingenting då songen kom ut, men tok seinare kontakt med Page om saka.[12] I juni 2010 saksøkte Holmes Page for brot på opphavsretten.[13]

Tolkinga til Led Zeppelin starta med ein langsam bluesaktig rytme, drive fram av den fallande basslinja til John Paul Jones. Han endra så til eit raskare tempo under dei mørkaste partia av songen, igjen med gitar spelt med fiolinboge av Page, etterfølgd av ein rasande gitarsolo, før ein går attende til den opphavlege rytmen. Den sporadiske, eksplosive tromminga til John Bonham gjennom songen var med å definere krafta og intensiteten i songen, samt ein av signaturrytmane til Bonhan, Bonham-triolen, medan Robert Plant medverka med falsettvokal som passa inn med den forpinte teksten til songen.[14]

Dette var ein av tre Led Zeppelin-songar der Page nytta bogen på gitaren.

Konsertutgåve av Led Zeppelin[endre | endre wikiteksten]

«Dazed and Confused» vart ofte mykje spela på konsertane til Led Zeppelin, særleg fram til «Whole Lotta Love» vart gjeven ut på det andre albumet. Songen vart på konsertane spelt enno langsamare, bortsett frå dei raskare partia i midten, og vart gradvis lengre og lenger (opp til 45 minuttar i 1975) med mange improviserte jammar. Han vart i starten spelt slik som på studioalbumet, men endra seg gradvis over åra. Etter kvart blanda dei òg inn bitar av andre songar inn i dei lange instrumentalpartia.

Konsertversjonar av «Dazed and Confused» finst på konsertfilmen The Song Remains the Same, Led Zeppelin BBC Sessions, How the West Was Won og Led Zeppelin DVD.

«Dazed and Confused» vart spelt på alle Led Zeppelin-turneane fram til 1975.[15] Han vart så fjerna frå konsertsettet. Han vart igjen spela på konserten for Ahmet Ertegün i O2 Arena i London den 10. desember 2007.

Kulturell innverknad[endre | endre wikiteksten]

Songen er med på lista til Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma rock and roll.

Songen vart nytta som tittel på filmen Dazed and Confused i 1993. Regissør Richard Linklater ønskte å nytte songen i filmen, men fekk ikkje lov av Robert Plant.[16][17]

Lovord[endre | endre wikiteksten]

Publikasjon Land Hyllest År Rangering
Rock and Roll Hall of Fame USA The Rock and Roll Hall of Fame's 500 Songs that Shaped Rock and Roll 1994 *
Pause & Play USA Time Capsule Inductions - Songs[18] 1998 *
NME Storbritannia 117 Songs to soundtrack your summer[19] 2003 *
Toby Creswell Australia 1001 Songs: the Great Songs of All Time[20] 2005 *
Pitchfork Media USA The 200 Greatest Songs of the 1960s[21] 2006 11
Q Storbritannia The 20 Greatest Gitar Tracks[22] 2007 2
Q Storbritannia 21 Albums That Changed Music - Key Track[23] 2007 6

(*) uordna liste.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Tilskriven Page

Albumversjonar[endre | endre wikiteksten]

  • 1993: Uncle Slam (Will Work for Food)
  • 1993: John Vearity (Whole Lotta Love)
  • 1993: Stairway To Heaven ("Stairway To Rock")
  • 1994: Michael White & The White (Plays the Music of Led Zeppelin)
  • 1994: Cinnamon (Cinnamon II)
  • 1995: Motohiko Hino (It's There)
  • 1995: Alon Nadel & Friends (Jazzeppelin)
  • 1996: Marxman (Time Capsule)
  • 1999: Akira Takasaki (Super Rock Summit)
  • 2000: Electrasy (In Here We Fall)
  • 2001: Palladium (Sister Flute and the Sunday Best)
  • 2001: Never Never (Never Never Tribute II)
  • 2001: Simply Led (From the Land of the Ice and Snow)
  • 2002: Blaze (The Music Remains the Same: A Tribute to Led Zeppelin)
  • 2002: The Section (The String Quartet Tribute to Led Zeppelin)
  • 2002: Kirsten Laiken (Livin, Lovin, Played: A Led Zeppelin Tribute)
  • 2002: Galactic Achievement Society (The Electronic Tribute to Led Zeppelin)
  • 2003: Letz Zep (Live on Broadway)
  • 2004: Jezz Woodroffe (In Through the Swing Door: Swing Cover Versions of Led Zeppelin Classics)
  • 2004: Ray Orpeza (Stairway to Rock: (Not Just) a Led Zeppelin Tribute)

  • 2004: Heavy Fuel (Led Zeppelin: A Tribute)
  • 2004: The Classic Rock String Quartett (The Led Zeppelin Chamber Suite: A Classic Rock Tribute to Led Zeppelin)
  • 2005: Hampton String Quartet (Take No Prisoners!)
  • 2005: Brian Tarquin (Get the Led Out! Led Zeppelin Salute)
  • 2005: Iron Horse (Whole Lotta Bluegrass: A Bluegrass Tribute to Led Zeppelin)
  • 2006: Dream Theater (Two Nights In North America [limited release])
  • 2006: The McRackins (Bat Out of Shell)
  • 2006: Franck Tortiller & Orchestre National de Jazz (Close to Heaven: A Led Zeppelin Tribute)
  • 2006: Michael Armstrong (Rockabye Baby! Lullaby Renditions of Led Zeppelin)
  • 2006: Studio 99 (Led Zeppelin: A Tribute)
  • 2006: Greg Reeves & Eric Stock (Dub Tribute to Led Zeppelin)
  • 2006: Mad Zeppelin (Live im ColosSaal)
  • 2007: Vanilla Fudge (Out Through the in Door)
  • 2007: Zepparella (Pleasing Pounding)
  • 2008: Jack Russell (Led Box: The Ultimate Led Zeppelin Tribute)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lewis, Dave (2004) The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, ISBN 0-7119-3528-9
  • Welch, Chris (1998) Led Zeppelin: Dazed and Confused: The Stories Behind Every Song, ISBN 1-56025-818-7
  1. Fast, Susan. In the Houses of the Holy: Led Zeppelin and the Power of Rock Music (2001): 21
  2. Shade, Will. «Dazed and Confused: The Incredibly Strange Saga of Jake Holmes». Henta 21. mars 2011. 
  3. 3,0 3,1 «Review of The Above Ground Sound of Jake Holmes». Allmusic. 
  4. Shade, Will. «A Tune's Twisted Tale» (PDF). Henta 21. mars 2011. 
  5. Michaels, Sean (30. juni 2010). «Led Zeppelin sued for alleged plagiarism of Dazed and Confused». The Guardian (London). 
  6. Kaufman, Michael. "Yardbirds Complete 6th Mission to Expand Young Minds in U.S." The New York Times August 28, 1967: 36
  7. Welch, Chris (ed.) Led Zeppelin: Dazed and Confused, the Stories Behind Every Song. (s. 23) Thunder's Mouth Press, 1998 ISBN 1-56025-188-3
  8. Cumular Limit CD booklet, Burning Airlines 2000
  9. Mat Snow, “Apocalypse Then”, Q desember 1990, s. 77.
  10. Hodgkinson, Will (2008). Song Man: A Melodic Adventure, Or, My Single-Minded Approach to Songwriting. s. 129. 
  11. Schinder, Scott. Icons of Rock. s. 385. 
  12. Cochrane, Robert (September 17, 2008). «Theft As Ownership». hippy.com. Henta 21. mars 2011. 
  13. Led Zeppelin sued by folk singer for alleged plagiarism. New York Post
  14. Williamson, Nigel (2007). The Rough Guide to Led Zeppelin. London: Rough Guides Limited. ISBN 1-84353-841-5. 
  15. Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.
  16. http://nsfc.zap2it.com/nsfc/cda/index.jsp?p_state=8&DvdId=100068&ts=1173833040623
  17. Led-Zeppelin.org. «Led Zeppelin Assorted Info». 
  18. «Time Capsule Inductions: Songs - July 1998». Pause & Play. Henta 21. mars 2011. 
  19. Songs to soundtrack your summer «117 Songs to soundtrack your summer - May 2003» Check |url= value (hjelp). NME. Henta 21. mars 2011. 
  20. Creswell, Toby (2005). «Dazed and Confused». 1001 Songs: the Great Songs of All Time (1st utg.). Prahran: Hardie Grant Books. s. 745. ISBN 9781740664585. 
  21. «The 200 Greatest Songs of the 1960s - August 2006». Pitchfork. Henta 21. mars 2011. 
  22. Greatest Gitar Tracks «The 20 Greatest Gitar Tracks - September 2007» Check |url= value (hjelp). Q. Henta 21. mars 2011. 
  23. Albums That Changed Music «21 Albums That Changed Music: Key Track - November 2007» Check |url= value (hjelp). Q. Henta 21. mars 2011. 


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]