Dečanska Bistrica

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dečanska Bistrica (Дечанска Бистрица)
Bistrica e Deçanit
elv
Манастир Високи Дечани, Метохија 7.JPG
Land Flag of Kosovo.svg Kosovo
Nedslagsfelt 300 km²
Lengd 53 km
Kjelde Bogićevica i Kosovo
Munning Kvite Drin, nær Klina i Kosovo

Dečanska Bistrica
42°31′0″ N 20°33′0″ E
Wikimedia Commons: Dečanska Bistrica

Dečanska Bistrica (serbisk Дечанска Бистрица; albansk Bistrica e Deçanit) er ei elv i Kosovo. Elva er 53 km lang og ei sideelv til Kvite Drin frå høgre.

Namnet på elva Bistrica, tyder «klårt vatn» på serbisk.

Dečanska Bistrica spring ut frå sørsida av fjellet Bogićevica, ein del av fjellkjeda Prokletije. Elva renn nord for fjellet Đaravica, det høgaste i Kosovo (2656 moh). Elva snur søraust nord for fjella Koprivnik og Strečoka, der ho har grave ut ei djup kløft (Dečanska klisura). Etter kløfta renn elva forbi mellomalderklosteret Visoki Dečani, som står på verdsarvlista til UNESCO. Elva held fram austover, i eit særs tett folkesett område nær den vesle byen Dečani og landsbyane Istinić, Beleg, Brdlić, Vranovac og Jablanica, før ho munnar ut i Kvite Drin.

Den øvre delen av elva vert nytta til vasskraftproduksjon (6,5 MW), medan den nedre delen til ein viss grad vert nytta til vatning.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]