De Havilland DH 91 Albatross

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
de DH.91 Albatross

de Havilland DH.91 Albatross var eit fire-motors britisk transportfly for transatlantiske postruter frå 1930-talet. Det vart bygd sju av desse i 1938-1939.

Konstruksjon og utvikling[endre | endre wikiteksten]

DH.91 vart teikna i 1936 av sjefkonstruktøren ved de Havilland, A.E. Hagg, etter spesifikasjonen til det britiske luftfartsministerium for eit transatlantisk postfly.

Flyet var bemerkelsesverdig for sin konstruksjon av balsafinér, same konstruksjonsmetode som vart allment kjend då det seinare vart brukt i bygginga av de Havilland Mosquito, bombeflyet frå andre verdskrig. Den første Albatross flaug den 20.mai 1937. Den andre prototypen brakk i to under belastningstester, men vart bygd opp igjen. Den første prototypen vart brukt av Imperial Airways.

Sjølv om den var meint som eit postfly, kunne den frakta 22 passasjerar. Einaste forandring var ekstra vindauge og ein annan type flaps. Fem av desse vart bygd etter bestilling og levert i 1938/1939.

Flyet i bruk[endre | endre wikiteksten]

Fyrste flyet som vart levert til Imperial Airways var eit 22-passasjerars DH.91 (Frobisher) i ]oktober 1938. Dei fem passasjerflya vart brukt på ruter frå Croydon til Paris, Brussel og Zürich. Etter testflyvning med dei to prototypar vart desse levert til Imperial Airways og brukt til langdistanse post-rutar.

Ved utbrotet av andre verdskrigRoyal Air Force at flya med sin lange rekkjevidd og fart var velegna for ein kurér-rute mellom Storbritannia og Island, og dei to postflyene vart overført til ein squadron i RAF i 1940. Begge havarerte under landing i Reykjavík, den eine (Faraday) i 1941, den andre (Franklin) i 1942.

Dei fem passasjerflya vart brukt av Imperial Airways (seinare BOAC) på ruter Bristol-Lisboa og Bristol-Shannon.

Eit fly (Frobisher) vart øydelagt under eit tysk flyangrep mot Bristol i 1940, og to havarerte under landing, den eine (Fingal) i 1940 ved Pucklechurch nær Bristol og den andre (Fortuna) i 1943 på Shannon. Med berre to attende vart begge hugga opp (Falcon) og (Fiona) i september 1943.

Operatørar[endre | endre wikiteksten]

Storbritannia

Spesifikasjonar (DH.91)[endre | endre wikiteksten]

  • Besetning = 4 (pilot, copilot, radiooperatør og stuert)
  • Kapasitet = 22 passasjerar
  • Lengd = 21,8 m
  • Vengespenn = 32,0 m
  • Høgd = 6,8 m
  • Vingeareal =100,15
  • Vekt utan last = 9 630 kg
  • Vekt, lasta = 13 380 kg
  • Max take-off vekt =
  • Motor = 4 x de Havilland Gipsy Twelve 12 sylindret inverted V stempelmotor
  • Yting = 525 hkkvar
  • Max fare = 362 km/t
  • Marsjfart = 338 km/t
  • Rekkjevidd = 1 675 km
  • Marsjhøgde = 5 455 m
  • Stigningsevene = 3,5 m/s

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]