De La Fratta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
De La Fratta med tårn.

De La Fratta eller Cesta er ein av dei tre toppane som ligg rundt byen San Marino, hovudstaden i San Marino. Dei to andre er Guaita og Montale. Alle toppane høyrer til fjellet Monte Titano.

På fjelltoppen ligg eit tårn som, saman med dei to andre vikige tårn i San Marino, er avbilda på det sanmarinske flagget og riksvåpenet. Tårnet blei bygd på 1200-talet på ruinane av ein eldre romersk festning.[1] Tårnet på De La Fratta huser eit museum for den heilage Marinus som også viser fram over 1 550 våpen frå mellomalderen til moderne tid.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Second Tower (Cesta)». www.visitsanmarino.com. Arkivert frå originalen 2. april 2015. Henta 2. mars 2015. 
  2. «Museum of Historical Weapons». www.zainoo.com. Henta 2 March 2015.