De Long-sundet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Wrangeløya.

De Long-sundet (russisk пролив Лонга; Proliv Longa) er eit sund mellom Wrangeløya og fastlandet i Sibir. Sundet er særs breitt, på det smalaste er det 141 km, mellom Kapp Blossom på sørvestenden av Wrangeløya og Kapp Billings, nær Gytkhelen i Tsjukotka.

Teknisk sett er De Long-sundet meir eit geografisk landemerke enn eit sund, som skil Aust-Sibir-havet frå Tsjuktsjarhavet.

Sundet er kalla opp etter kapteinløytnant George W. DeLong.[treng kjelde]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 69°49′N 176°10′E