De Stijl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Villa Schröder i Utrecht er teikna av Gerrit Rietveld, 1924
Theo van Doesburg: Det elementære uttrykksmiddelet i målarkunsten, 1924

De Stijl (nederlandsk, 'Stilen') var ei kunstrørsle i Nederland som vekte stor merksemd i 1920-åra. Både målarar, bilethoggarar, arkitektar og forfattarar slutta seg til rørsla. Piet Mondrian, Theo van Doesburg og Gerrit Rietveld var mellom dei fremste utøvarane av stilen.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Rørsla vart danna i Leiden i 1917. Ved bruk av elementære former i kunsten, særleg kubar, vertikalar og horisontalar, kombinert med ein streng asymmetri, søkte ein å uttrykke eit nytt utopisk ideal, som bestod av åndeleg harmoni og formal orden. Rørsla var antiindividualistisk, antiekspresjonistisk og streba mot objektivitet. Formspråket i kunstverka er reint abstrakt og universelt, og ein brukte einast primærfargane blå, raud og gul samt svart, kvitt og grått.

I 1931 gjekk De Stijl med i den internasjonale kunstnarorganiasjonen Abstraction-Création.

Stiftarane gav ut eit tidsskrift med same namn som rørsla, som fremja idéane om harmoni og balanse såvel i kunsten som i livet og allment i samfunnet. Tidsskriftet spela ei stor rolle for avantgarde-kunsten og for utviklinga av arkitektur, kunsthandverk, design og typografi.

Bauhaus-rørsla i Tyskland var inspirert av De Stijl.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]