Dea Trier Mørch
Dea Trier Mørch | |
![]() | |
Statsborgarskap | Kongeriket Danmark |
Fødd | 9. desember 1941 København, Rigshospitalet |
Død |
26. mai 2001 (59 år) |
Yrke | grafikar, skribent |
Politisk parti | Danmarks Kommunistiske Parti |
Medlem av | Røde Mor |
Far | Florian Martensen-Larsen |
Mor | Ibi Trier Mørch |
Ektefelle | Troels Trier |
Born | Tobias Trier, Sara Trier, Rosa Trier |
Dea Trier Mørch på Commons |
Dea Trier Mørch (9. desember 1941–26. mai 2001) var ein dansk forfattar og grafikar.
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Dea Trier Mørch var fødd i København. Ho byrja på målarskulen ved Kunstakademiet som 16-åring, og debuterte på Kunstnernes Efterårsudstilling i 1961.[1] Ho blei uteksaminert frå Kunstakademiet i 1964, og utførte så studiereiser til fleire hovudstader i Aust-Europa, mellom anna Leningrad.[2] Ho starta i ein abstrakt tradisjon, men fekk etter kvart eit meir realistisk uttrykk, noko som mellom anna blir knytt til den sosialistiske overtydinga hennar.
På slutten av 1960-åra byrja ho å skriva bøker, som ho ofte illustrerte med eigne grafiske arbeid. I den same perioden var ho med på å stifta det sosialistiske kunstnarkollektivet Røde Mor, mellom anna saman med Troels Trier,[2] som ho budde saman med, og nokre år var gift med. Dei fekk tre barn saman. Sonen Tobias er blitt kjend som musikar. Dottera Sara skreiv ho brevromanen Hvide løgne med.[2]
Dea Trier Mørch fekk eit stort gjennombrot med romanen Vinterbarn frå 1976, som blei omsett til ei rekkje språk.[2] Han blei også filmatisert av Astrid Henning-Jensen, og fekk stor sukess.[3] I denne og mange av romanane som følgde trer dei politiske haldnigane til Mørch fram, i form av solidariteten med andre kvinner og trua på retten til kollektivet over den til individet.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- Sorgmunter socialisme (beretninger fra Sovjetunionen, 1968)
- Polen (reiseskildring, 1970)
- Vinterbørn (1976)
- Kastaniealleen (1978)
- Den indre by (1980)
- Aftenstjernen (1982)
- Morgengaven (1984)
- Da jeg opdagede Amerika (reiseskildring, 1986)
- Skibet i flasken (1988)
- Landskab i to etager (1992)
- Hvide løgne (brevroman, skriven saman med dottera Sara, 1995)
Prisar og utmerkingar (utval)
[endre | endre wikiteksten]- 1988 – Mottakar av Tagea Brandts Rejselegat
- 1977 – De Gyldne Laurbær
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Dea Trier Mørch. Kunstindeks Frederikssund. Henta 9. desember 2023
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 «Nekrolog: Dea Trier Mørch - sårbar og antikonventionel». Arkivert frå originalen 3. desember 2013. Henta 28. november 2013.
- ↑ «De 25 bedst sælgende danske film». kino.dk. Henta 3. desember 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Dea Trier Mørch» frå Wikipedia på bokmål, den 16. februar 2025.