Dean Parks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dean Parks
Fødd 1947
Texas
Instrument

Gitar, banjo, steelgitar, klarinett

Sjanger Pop, rock, jazz
Aktive år 1970 til i dag
Yrke Musikar

Dean Parks er ein amerikansk studiogitarist og plateprodusent frå Fort Worth i Texas.

Parks var medlem av The North Texas State One O'clock Lab Band før han flytta til Los Angeles for å arbeide med Sonny and Cher i 1970. I 1980 var Parks med på å starte jazzfusionbandet Koinonia. Parks er mest kjend for dei mange bidraga sine til album av Steely Dan og Michael Jackson. Han spelte mellom anna gitar på Royal Scam-songen «Haitian Divorce», der han nyttar ein Talkbox for å produsere ein høneklukkelyd. Han har spelt med Crosby and Nash, Madonna, Stevie Wonder, Barbra Streisand, Elton John, Celine Dion, The Monkees, Madeleine Peyroux, America, Diana Ross, George Benson, Rod Stewart, Randy Travis, Bob Seger, Billy Joel, Neil Diamond, Michael Bublé, Barry Manilow, David Lee Roth, Paul Simon, Dolly Parton, Amanda Lear, Kenny Loggins, Tom Scott, B.B. King, Dusty Springfield, Randy Edelman, Leon Gieco (Argentina), Koinonia og Bread.

Filmar[endre | endre wikiteksten]

Parks har skrive songar og musikk for filmar som The Care Bears Movie II: A New Generation (med Carol Parks), Bowfinger, My Big Fat Greek Wedding, The Big Bounce og Dreamer: Inspired by a True Story.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Med Lalo Schifrin

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]