Death Note

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Death Note (デスノート, Desu Nōto) er ein japansk manga som er skriven av Tsugumi Ohba og teikna av Takeshi Obata. Serien handlar om ein 17 år gamal student i Tokyo som heiter Light Yagami, som finn ei mystisk notisbok som drep kvar ein som får namnet sitt skrive inn i boka. Light bestemmer seg for reinska vekk all vondskap i verda ved hjelp av denne overnaturlege notisboka, men det tek ikkje lang tid før politiet fattar interesse for dei mystiske dødsfalla som finn stad. Ein annan som kjem på banen er den unge og mystiske detektiven «L», som bestemmer seg for å ta opp jakta på Light.

Mangaen starta kapittelvis i det japanske teikneseriemagasinet Weekly Shonen Jump i 2003. Ein animeserie på 37 episodar som vart produsert av studioet Madhouse, hadde premiere i oktober 2006 i Japan på TV-kanalen Nippon Television. Den siste episoden av serien vart send for fyrste gong i juni, 2007. To filmar baserte på mangaen hadde premiere i høvesvis juni og november same år.

Manga[endre | endre wikiteksten]

I Japan vart serien gjeven ut kapittelvis i teikneseriemagasinet Weekly Shonen Jump frå desember 2003 og fram til mai 2006 og er no ferdig fullført. Han er på til saman 108 kapittel, som òg er utgjevne i form av eigne teikneseriebøker i både Japan og Nord-Amerika, såkalla tankōbon-bøker, kor fleire kapittel er samla i same bok. Alle dei 108 kapitla er utgjevne i til saman 12 slike teikneseriebøker. I 2006 hadde over 20 millionar eksemplar av teikneseriebøkene vorte selde i Japan.[1]

Mai 2008 vart det annonsert at teikneserieutgjevaren Egmont Serieforlaget har fått rettane til å publisera og omsetja mangaen. Ansvarleg redaktør for utgjevinga i Noreg blir Hans Ivar Stordal, som har stadfesta at at den norske utgåva skal verta omsett direkte frå japansk. Det er gjeve ut 12 bøker på bokmål.[2]

Anime[endre | endre wikiteksten]

Animeserien av Death Note er på 37 episodar og vart produsert av animasjonsstudioet Madhouse og vart send frå den 3. oktober 2006 til den 26. juni 2007 i Japan. Til forskjell frå filmane held animen seg trufast til historia til mangaen, med unntak av enkelte visuelle endringar av figurane, rekkefølgja som hendingar blir vist i tillegg til nokre hendingar som ikkje er med i mangaen. Tidsfølgjet er òg ulikt ettersom handlinga i animen startar i år 2007, medan mangaen byrjar handlinga si i 2003.

Samstundes med at animen vart send i Japan vart det mogleg for bebuarar i Nord-Amerika å lasta ned episodane som allereie var sende lovleg frå internett. Dette vart gjort mogleg ved at selskapet Viz Media fekk lisens på serien i Nord-Amerika og dermed kunne tilby nedlastingstenesta for amerikanske sjåarar. Tilbodet vart sett på som spesielt viktig fordi det var fyrste gongen det vart mogleg for sjåarar, på lovleg vis, å lasta ned episodar av ein godt kjend japansk anime, medan han enno gjekk på TV i Japan.[3]

Filmar[endre | endre wikiteksten]

  • Death Note (2006)
  • Death Note: The Last Name (2006)
  • L: Change the WorLd (2008)
  • Death Note: New Generation (2016)
  • Death Note: Light Up the NEW World (2016)[4]
  • Death Note (2017: Netflix)[5]

Innleiing[endre | endre wikiteksten]

Light Yagami er ein særs intelligent ung mann som avskyr all kriminaliteten og korrupsjonen som finst i verda. Alt forandrar seg når han i 2003 (2007 i animen), tilsynelatande tilfeldig, finn ei notisbok liggande på bakken. Skrive på framsida av notisboka er namnet «Death Note» og på fyrste side står det ein «bruksrettleiing» som hevdar at kven so enn som får namnet sitt skrive i notisblokka, kjem til å døy. I byrjinga er Light særs skeptisk til dette og trur det heile er ein spøk, men etter å ha prøvd ut boka med to døde forbrytarar som resultat, forstår Light at notisboka er ekte. Nokre dagar seinare møter han den tidlegare eigaren av notisboka, ein dødsgud (shinigami) ved namn Ryuk, som forklarer nærare eigenskapane til ein «Death Note». Light bestemmer seg så for å erverva status som Guden til jorda ved å dømma forbrytarar til døden ved hjelp av den magiske notisboka.

Det store talet uforklarlege dødsfall blant forbrytarar, både i og utanfor fengsel, tiltrekker seg snart merksemda til Interpol og ein mystisk detektiv som berre er kjend under namnet «L». L fattar raskt at den mystiske seriemordaren held til i Japan og deduserer at mordaren kan ta livet av offera sine utan å legga ein finger på dei. Den mystiske detektiven tek til med å finna identiteten til mordaren og få han dømd. Light forstår fort at L kjem til å bli den største motstandaren hans og ein psykologisk katt- og musleik blir utløyst mellom dei to intellekta.

Karakterar[endre | endre wikiteksten]

Hovudpersonar[endre | endre wikiteksten]

Yagami Light (夜神 月, Yagami Raito) er ein særs intelligent 17 år gamal student. Trass i det store intellektet sitt kjedar han seg og er lei av kriminaliteten som finst i verda. Når han finn ei notisbok som kan ta livet av kvar ein som får namnet blir skrive inn i han, bestemmer Light seg for å utrydda all kriminalitet, gjera verda til eit utopia og herska over ho som ein Gud. Dei mange drapa han begår ved hjelp av notisboka gjer at han blant allmenn blir kjend under namnet «kira» («Kira» er den japanske uttala av det engelske ordet killer, «mordar»). Light ser det som oppgåva si å dømma over alle forbrytarar og redda verda frå kriminalitet. Han kallar seg derfor ofte for «rettferd». Light er fødd den 28. februar 1986, og er derfor 17 år gamal når forteljinga byrjar.

L/ Ryuzaki (エル, Eru)(L Lawliet) blir betrakta som den beste detektiven i verda og leier politiet si jakt på Kira. Han og Light blir portrettert å vera like på fleire område, for di dei begge er særs intelligente og begge har sterke meiningar om kva verkeleg rettferd går ut på. Av utsjånad er han derimot både ustelt og sjuskete, til forskjell frå Light som alltid går korrekt kledt i fine klede. Trass i dette har L store evner i logikk og skarpsinn. L blir kjenneteikna av det rufsete håret og alle den besynderlege åtferden han viser: han står og går krokrygga, sit på huk i stolar (med knea heilt opp til haka), et på godteri midt i politimøte og held små gjenstandar på ein merkeleg måte. Trass i dette er han særs intelligent og utgjer ein av dei største truslane mot Light. L er fødd på halloween (31. oktober) 1979 og er derfor 24 år når handlinga byrjar.

Misa Amane (弥 海砂, Amane Misa) er eit populært tenåringsidol i Japan. Ho kan ofte vera barnsleg for alderen sin og har det med å omtala seg sjølv i tredjeperson for å verka søt. Ho er hovudstups forelska i Light, og hevda sjølv at ho elska han ved fyrste blikk. Den urokkelege kjærleiken hennar for Light kan ein òg skylda faktumet at Light med hjelp av Death Noten sin straffa mannen som myrda foreldra hennar. Misa eig sjølv ein Death Note, i tillegg har ho inngått ein bytehandel med den shinigamien som tidlegare var i besittelse av notisboka hennar. Denne bytehandelen går ut på at ein person gjev ein shinigami halvparten av den gjenståande levetida si, i byte mot «dødsgudens auge» (shinigami eyes). Ved hjelp av desse auga får personen evna til å sjå det fulle namnet til eit menneske og levetid berre ved å sjå på ansiktet til han eller henne. Den sterke kjærleiken ho har for Light er langt frå gjensidig, ettersom han berre ser på henne som ein ressurs han kan få bruk for i planane sine, av di ho både rår over ein Death Note og evnene til ein shinigamis auge. Ho er fødd den 25. desember 1984 og er derfor 19 år når handlinga byrjar.

Mello (メロ, Mero) (Mihael Kheel) er eit foreldrelaust barn som voks opp på ein barneheim i Storbritannia for spesielt lovande born. Mello var saman med ein annan gut ved namn Near, kandidat til å bli L sin etterfølgar. Akuratt som L er han glad i godteri, fyrst og fremst sjokolade, og tygg ofte på ei sjokoladeplate. Han er særs intelligent, men lèt ofte kjenslene gå av med seg. Han nekta å bli L sin etterfølgar i samarbeid med Near. Når Light under namnet Kira og byrjar å ta livet av forbrytere, bestemmer Mello seg for å fanga Kira sjølv før Near gjer det, men metodane han brukar er langt mindre konvensjonelle enn Nears. Han sluttar seg til ein forbrytargjeng i USA og bruker dei som base for trekka sine mot Kira. Mello er fødd den 13. desember 1989 og er derfor 14 år når handlinga byrjar.

Near (ニア, Nia) (Nate Riv) var saman med Mello fyrstekandidat til å bli L sin etterfølgar, og voks opp på same barneheim som Mello. Det var i begynninga meininga at dei to skulle overta for L saman, men Mello nekta å slå seg saman med Near og overlét til Near å halda fram opplæringa på barneheimen. Etter kvart som trusselen frå Kira veks seg større får Near løyve frå dei øvste myndane i USA til å danna ei etterforskingsgruppe ved namn SPK (Secret Provision for Kira). I løpet av jakta på Kira kallar Near seg for N. Som L er Near særs intelligent, men er meir direkte og besluttsom ettersom han ofte handlar før han har funne alle bevis han treng for å trekka ein slutning. Near fiklar ofte med eit lokk av håret under møte, i tillegg til å driva med leikar, løysa puslespel og laga store strukturar av småting som legoklossar eller fyrstikker. Dessutan har han ei samling med figurar som han bruker til å illustrera teoriane sine under etterforskinga. Near er fødd den 24. august 1991 og derfor 12 år når handlinga byrjar.

Mikami Teru (魅上 照, Teru Mikami) er ein påtaleadvokat som Light gjer til den fjerde Kira etter å avgjort at det er for farleg å ha sin Death Note nær seg sjølv og Misa, ettersom etterforskinga har komme farleg nær å avsløra han. Mikami er ein ubøyeleg tilhengar av Kira og delar mange av tankane hans, meiningar og prioritetar, til det punktet at han ser på Kira som Guden sin. For kvart namn han skriv ned i ein Death Note seier han ordet sakujo (削除), som betyr «strykning» (å stryka noko vekk) eller «eliminasjon» (i den engelske versjonen av mangaen blir ordet brukt «delete», å sletta), dette fordi han meiner at Gud «sletter» vonde menneske.

Shinigami (dødsgudene)[endre | endre wikiteksten]

I denne serien er hovudoppgåva åt shinigamiane å skapa død, noko dei gjer ved hjelp av notatbøkene dei eig, dei såkalla Death Notes. Kvar shinigami har i utgangspunktet ein Death Note kvar og kan bruka han slik dei ønskjer. Når ein shinigami drep eit menneske før tida med ein Death Note, blir den gjenståande levetida overført mennesket hadde, til shinigamiens levetid. Dette fordi at shinigamiene, sjølv om dei blir omtalte som gudar, ikkje er udødeleg. Sjølv om levetida deira er mange gongar lenger enn det av eit menneske, har levetida deira ei bestemd lengde, som dei må utvida ved å drepa eit menneske når det trengst. Bortsett frå dette blir dei ikkje vist å ha stort anna å gjera. Når eit menneske blir eigar av ein Death Note, må shinigamien som åtte han følga personen overalt. Berre det mennesket som eig eller rører ved Death Noten til ein shinigami kan sjå den shinigamien.

Ryuk (リューク, Ryūku) er den tidlegare eigaren av Death Note-boka som Light finn. Det var med vilje at Ryuk mista Death Noten sin ned i menneskeverda, ettersom han kjeda seg og ønskte å sjå noko morosamt.[6] Til forskjell frå dei fleste andre shinigami, åtte Ryuk to notisbøker, noko som gjorde at han kunne ta seg råd til å «mista» den eine. Sidan Light no eig Death Noten hans, må Ryuk følgja Light der han går, men han er korkje vennen åt Light eller fienden. Ofte nektar han å svara på Lights spørsmål om Death Note-bøkene, han vil heller ikkje hjelpa Light med å oppnå måla sine, så framt det ikkje ligg noko i det som tener han. I løpet av handlinga får Ryuk smakt eple frå menneskeverda for første gang, og det varer ikkje lenge før han er vorte avhengig, så avhengig at han får abstinenssymptom dersom han ikkje får nokon over lengre tid.

Rem (レム, Remu) er ho som gjev Misa ein Death Note og dei såkalla «dødsgudsaugo». Som Ryuk rår ho over to notisbøker, og som Ryuk gjev ho bort den eine til eit menneske. Den andre notisboka overtok ho frå shinigamien Gelus, som døydde då han redda Misas liv. Rem viser seg å bry seg like mykje om Misa som Gelus gjorde, og er førebudd på å ofra livet for å verna henne. Dette gjer at ho ikkje stoler på Light og ho gjer det klart at ho held Light ansvarleg dersom Misa skulle døy før tida. Trass i kva mange fans trur, er Rem faktisk ei dame.

Sidoh er ein shinigami som har mista Death Noten sin. Det viser seg at Ryuk har tatt han og Sidoh drar ned til menneskeverda for å få att Death Noten sin.

Death Note[endre | endre wikiteksten]

Ein Death Note er ei notisbok ått av ein shinigami som har evna til å drepa menneske på magisk vis, innanfor visse vilkår. Desse vilkåra består av eit intrikat regelsystem som i detalj forklarer kva for nokre vilkår som må verta heldt dersom ein Death Note skal fungera.

Viktige reglar[endre | endre wikiteksten]

På Death Note-boka som Light finn står det ei bruksrettleiing for notisboka som vart skriven av Ryuk før han slapp han ned i menneskeverda. Bruksrettleiinga inneheld nokre av dei viktigaste reglane for bruk av ein Death Note. Instruksjonane er skrivne på engelsk, fordi Ryuk meinte dette var det mest populære språket i verda.

  • Det mennesket som får namnet sitt skrive ned i notisboka kjem til å døy
  • Notisboka vil berre fungera dersom brukaren ser andletet åt offeret klart for seg. Andre med same namn vil derfor bli verande urørt
  • Om ein skriv ei dødsårsak etter namnet på offeret innan 40 sekund, vil dødsårsaka skje
  • Om ein ikkje angjev noka dødsårsak vil offeret beintfram døy av hjartestans
  • Om ein har skrive ned ei dødsårsak har ein 6 minutt og 40 sekund på å beskriva detaljane rundt dødsfallet nærare

I kvar av dei 12 bøkene som vart gjevne ut, står det ei side med nye reglar og moglege bruksområde for ein Death Note. I animeserien vart det i kvar episode vist ein skjerm med nye reglar skrivne på både engelsk og japansk rett før og etter reklamepausen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Oppslag frå nettsida Comipress
  2. Audun Tråholt. «Death Note-mangaen lisensiert av Egmont». anime.no. Arkivert frå originalen 2009-08-05. Henta 28. august 2008. 
  3. «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 2007-09-30. Henta 4. oktober 2007. 
  4. «Death Note (film series)», Death Note Wiki (på engelsk), henta 11. november 2022 
  5. Death Note (på engelsk), henta 11. november 2022 
  6. Episode nr. 1 av animeen viser at shinigamiane rett og slett kjedar seg. Ryuk, eigaren av notisboka som Light seinare finn, mistar Death Noten sin med vilje ned i menneskeneverda.