Debbie Cameron

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Debbie Cameron
Fødd14. september 1958 (65 år)
FødestadMiami
OpphavKongeriket Danmark
Aktiv1976–
Instrumentvokal
Verka somsongar, komponist
MorEtta Cameron

Debbie Cameron (fødd 14. september 1958 i Miami) er ein amerikansk musikar og songar med karriere både i Danmark og USA. Ho er dotter av jazz- og gospelsongaren Etta Cameron. Ho har delteke fleire gongar i Dansk Melodi Grand Prix, og ho spela i den norske filmen De blå ulvene.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Cameron vaks opp i Miami i i Florida og byrja den musikalske karrieren sin i 1976, då ho vart kåra til årets mest lovande elev ved musikklinja til University of Miami. Her studerte ho klassisk song og musikkteori. Nokre av lærarane hennar vart seinare verdskjente som medlemmar av fusjonsjazz-bandet Weather Report.

Mens Cameron studerte vart ho gravid med sonen Jivin Cameron. I 1976, berre 17 år gamal, drog ho til Danmark, der mora Etta Cameron budde. Forholdet deira hadde vore prega av lange periodar frå kvarandre, mykje på grunn av turnéverksemda til mora. Mora måtte også ufriviljug opphalde seg i DDR i heile fem år, frå 1967 til 1972, fordi ho vart fråstolen utreisepapira sine.

I Danmark byrja Cameron raskt å opptre som del av den legendariske jazzscena rundt Jazzhus Montmartre, saman med artistar som Ben Webster og Dexter Gordon. Samstundes slo ho gjennom innan pop- og diskomusikk.

1980-åra[endre | endre wikiteksten]

Saman med Tommy Seebach vann Cameron Dansk Melodi Grand Prix i 1981 med songen «Krøller eller ej». Songen representerte Danmark i Eurovision Song Contest 1981 i Dublin i Irland. To år tidlegare hadde Cameron også delteke i Eurovision Song Contest, som korist for Tommy Seebach og songen «Disco Tango».

Etter sigeren i Dansk Melodi Grand Prix var Cameron i 1983 og 1984 programleiar for DR si store laurdagssatsing, Natuglen, saman med Jarl Friis-Mikkelsen. I programserien opptredde også Cameron sjølv med forskjellige song- og dansenummer.

I 1985 spela Cameron i filmen Hodja fra Pjort. I 1993 spela ho seg sjølv i den tredje Pelle og Proffen-filmen De blå ulvene.[1]

Etter nokre travle og offentlege år, trekte Cameron seg frå den danske kjendisscena. Ho valde i staden å konsentrere seg om dei musikalske røtene sine innan gospel, R&B og jazz. Ho tok også på seg fleire oppdrag i utlandet, blant anna som studiemusikar, produsent, kordirigent og musikklærar.

I Tyskland var Cameron medlem av techno-bandet Sash! og heavy rock-bandet Stolz der Strasse. I Tyskland har ho også produsert for fleire amerikanske musikarar og dirigert tre gospelkor – blant anna Storeman Singers i Hamburg med 300 medlemmar.[2]

I Danmark har Cameron undervist i songteknikk ved Rytmisk Musikkonservatorium og vore aktiv i Copenhagen Jazz Festival.[3][4] Etter 2010 har ho vorte stadig meir aktiv i det danske scenelivet, og ho har opptredd med Debbie Cameron/Marc Bernstein Band og Tommy Seebach Show.[5][6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Debbie Cameron». www.filmfront.no. Henta 10. juli 2018. 
  2. «Debbie Cameron synger gospel», sn.dk - Sjællandske Nyheder (på dansk), 20. april 2016, henta 17. november 2022 
  3. Fra disco til jazz – Navne
  4. En dosis Frödin – Kultur
  5. «Debbie Cameron / Marc Bernstein - "Jazz and Diplomacy"». marcbernstein.net. Arkivert frå originalen 17. oktober 2017. Henta 17. oktober 2017.  Arkivert 17. oktober 2017 på Wayback Machine.
  6. «Tommy Seebach Show – Erik Sletting». Arkivert frå originalen 5. mars 2016. Henta 10. juli 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]