Debbie Flintoff-King

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Debbie Flintoff-King
Statsborgarskap Australia
Fødd 20. april 1960 (63 år)
Melbourne
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1988, Sommar-OL 1984

Utmerkingar

Den australske sportsmedaljen, Athletics Australia Hall of Fame, Order of Australias medalje

Debbie Flintoff-King, fødd Debra Lee Flintoff, (fødd 20. april 1960) er ein australsk tidlegare friidrettsutøvar frå Melbourne som vart olympisk meister på 400 meter hekk i 1988 og vann VM-sølv i same øvinga i 1987.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Debbie Flintoff var heilt suveren på langhekken under Samveldeleikene 1982 i Brisbane, med tida 55,89 sekundar var ho langt over sekundet før nummer to i løpet. Ho heldt ikkje same nivå då den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett fann stad i Helsinki sommaren 1983 og måtte sjå ein finaleplass gå fløyten. I 1984 enda ho på sjetteplassen i spesialøvinga under sommarleikane i Los Angeles. Flintoff forsvarte i 1986 samveldetittelen på langhekken, og var med tida 54,94 endå meir suveren i øvinga i Edinburgh enn ho var i Brisbane fire år tidlegare. I Edinburgh vart ho også samveldemeister i 400 m flatt med tida 51,29 sekundar.

Under verdsmeisterskapen 1987 i Roma tok Flintoff sølvmedaljen i 400 m hekk, over halvsekundet bakom den suverene vinnaren, Sabine Busch frå Aust-Tyskland. Den 28. september 1988 var det klart for OL-finale på 400 meter hekk fot kvinner i Seoul. Flintoff-King hadde imponert i semifinaleløpet og sett olympisk rekord med 54,00 sekundar, eitt fattig hundredels sekund framom sovjetiske Tatjana Ledovskaja. I finalen forbetra det to seg kraftig, Flintoff-King gjorde sitt livs løp og vann på tida 53,17 sekundar, og som i semifinalen viste ho Ledovskaja til andreplassen, slått med ein einaste hundredel av eit sekund.

Flintoff-King la opp i 1989.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]