Debby Ryan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Debby Ryan
Debby Ryan 2012.jpg
Debby Ryan at the Radio Rebel premiere in 2012.
Fødenamn Deborah Ann Ryan
Fødd 13. mai 1993 (22 år), Huntsville i Alabama i USA
Sjanger Pop, country, folk[1]
Aktive år Frå 2006
Yrke Skodespelar, songar, låtskrivar, plateprodusent[2]
Plateselskap Ryan River Studio

Deborah Ann «Debby» Ryan[3] (fødd 13. mai 1993)[4] er ein amerikansk skodespelar, songar-låtskrivar og plateprodusent.[2] Ho byrja spele i Disney Channel-serien Jessie i 2011. Ho er også kjend for rolla som Bailey Pickett i The Suite Life on Deck frå same kanal.

Ryan blei fødd i Huntsville i Alabama.[4][5] Far hennar var i militæret, og ho voks opp fleire stader i Europa. Fram til ho var 10 år budde ho i Tyskland, og snakkar både tysk og engelsk.[6] Ryan byrja opptre i teater frå ho var sju år gammal, og har teke del i ulike talenttevlingar.[7]

I 2007 var ho med i Barney & Friends og DVD-en Barney: Let's Go to the Firehouse før ho blei oppdaga av Disney. Ho har også teke del i spelefilmen The Longshots (2008). I 2010 spelte ho i Disneykanal-filmen 16 Wishes, som hadde eit noko eldre publikum enn vanleg for kanalen.[8][9][10] Seinare tok Ryan del i indie-filmen What If.... I 2012 hadde ho ei hovudrolle som Tara Adams i Disney Channel-filmen Radio Rebel. I 2012 skipa ho bandet The Never Ending som først opptredde offentleg i 2013.[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Taylor Swift, Katy Perry Helped Inspire Debby Ryan's Debut Album». MTV. http://www.mtv.com/news/articles/1704512/debby-ryan-debut-taylor-swift-katy-perry.jhtml. Henta 2009-10-19. 
  2. 2,0 2,1 «Debby Ryan – Made of Matches». Cartoon Doll. 2012-10-23. http://www.cartoondollemporium.com/cdeblog/?p=1357. Henta 2012-10-31. 
  3. «Debby Ryan (TheDebbyRyan) on Twitter». https://www.twitter.com/thedebbyryan. Henta 2009-11-17. «it's Deborah; call me Debs.» ; Fan's Dayyy!. Debby Ryan's official YouTube channel. September 16, 2009. Hendinga skjer ved 2:19. «My full name is Deborah Ann...» 
  4. 4,0 4,1 «Debby Ryan "Jessie"». Disney Channel Media Net. Arkivert frå originalen den 2012-10-28. http://www.webcitation.org/6BlhPd6Xr. 
  5. Meet Debby Ryan, December 2, 2008, http://news.google.com/newspapers?id=itYpAAAAIBAJ&sjid=7NAEAAAAIBAJ&pg=4797,429437&dq=debby-ryan+huntsville&hl=en, henta November 19, 2012 
  6. "Meet the co-stars: Debby Ryan" (May 2009). People Magazine. "I’m a nerd. I was in chess club. I went to mascot camp. In eighth grade I was the mascot of my school: a wildcat. I still have the old costume in my dressing room. It reminds me every day to go big and have energy"
  7. «Debby Ryan: The Dream». Arkivert frå originalen den 2008-08-21. http://web.archive.org/web/20080821230355/http://www.debbyryan.com/The_Dream.html. Henta 2008-06-22. 
  8. «World Premiere Of ’16 Wishes’ Is Friday Cable’s No. 1 Telecast In Total Viewers». http://tvbythenumbers.com/2010/06/28/world-premiere-of-16-wishes-is-friday-cables-no-1-telecast-in-total-viewers/55568. Henta 2010-06-22. 
  9. «Friday Cable Ratings: 16 Wishes Premieres Big; Party Down, Gravity Finales Finish Small - Ratings». TVbytheNumbers. http://tvbythenumbers.com/2010/06/28/friday-cable-ratings-16-wishes-premieres-big-party-down-gravity-finales-finish-small/55571. Henta 2012-04-04. 
  10. «Cable TV Top 25: BET Awards, 16 Wishes, USA/Algeria Match Top Week’s Cable Shows». http://tvbythenumbers.com/2010/06/29/cable-tv-top-25-bet-awards-16-wishes-usaalgeria-match-top-weeks-cable-shows/55627. Henta 2010-06-22. 
  11. «Debby Ryan and the Never Ending Release Santa Baby». BSC Kids. http://www.bsckids.com/2013/12/debby-ryan-never-ending-release-santa-baby/. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]