Debet og kredit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Debet og kredit er rekneskapstekniske nemningar som har motsette tydingar og som kjem frå latin. Debet kjem frå debere, som tyder å skylde. Latin debitum tyder gjeld. Kredit kjem frå latin credere, som tyder å tru.

Kredit vert nytta når passiva i balansen aukar, dvs. auke av eigenkapital eller gjeld. Tilsvarande nyttast nemninga når ein post på eigendelssida (aktiva) vert redusert t.d. når pengar vert bokført ut av ein eigendelskonto. Kreditposten vil alltid ha sin motpost til debet. I resultatrekneskapen er kreditpostar inntekter sidan inntektene er med på å auke eigenkapitalen som ligg til kredit i balansen.

Debet vert nytta når ein konto på eigendelssida (aktiva) aukar. For eksempel når ein konto vert tilskrive pengar. Ein debetpost vil alltid ha sin motpost i ein post som går til kredit. I resultatrekneskapen er ein debetpost ein kostnad sidan kostnader reduserer resultatet, som igjen reduserer eigenkapitalen som er ein kreditpost.

Debet og kredit er ikkje direkte intuitivt. For eksempel er inntekt koda som kredit. Ein butikk vil samle saman ein dags fakturaer og kreditere eit beløp som inntekt i resultatrekneskapen. Kundens bankkonto vil samstundes halde ein debetbalanse som representerer den ubetalte fakturaen. Prinsippet om dobbel bokføring har ein kjerne av debet og kredit.

Her er eit eksempel for betaling av ein rekning:

Postar Debet Kredit
Telefonutgifter $200
Kontantar $200

Telefonselskapet som leverer tenesta og som krev pengane skriv den same transaksjonen (frå deira side) slik:

Postar Debet Kredit
Kontantar $200
Inntekt $200

Det kan også vere forvirrande at debet uformelt vert referert til som ei betaling som i Debetkort eller Betalingskort og at kreditt er ei lånegrense eller eit beløp som er innvilga av eit finansselskap som ei kredittgrense. I desse tilfelle er bruken av Kredit og debet ei anna enn den strengt rekneskapstekniske.

På ei kontoutskrift frå banken framstår ofte debet som ei reduksjon av balansen og kredit aukar han. Dette kjem av at det er banken som gjev ut kontoutskrifta og det er frå banken sitt synspunkt at dette vert skrive.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]