Debio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Debio
Org.nummer971 475 471
Skipa31. mai 1986
HovudkontorBjørkelangen
LeiarOle Petter Fagerbæk Bernhus
Nettstadhttps://www.debio.no

Debio er ein norsk privat medlemsorganisasjon som kontrollerer og merker økologisk landbruksproduksjon, foredling, lagring, import og omsetnad. Debio blei oppretta i 1986 for å utvikle regelverk, og for å kontrollere og godkjenne økologisk produksjon i Noreg. Gjennom ordningar for sertifisering og merking arbeider Debio for eit meir berekraftig samfunn. Hovudverksemda til Debio er kontroll og sertifisering for Mattilsynet, basert på EU-standarden for økologisk produksjon i Noreg. Debio utfører også kontroll og sertifisering på grunnlag av eigne, privatrettslege regelverk innafor mellom anna fiske, servering og daglegvare.

Debio er medlem i International Federation of Organic Agriculture Movement.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]