Debora-ekspedisjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Debora-ekspedisjonen var eit norsk forsøk på kolonisering av den folketomme Aldabraøya, del av Seychellane i Indiahavet. Galeasen Debora la ut frå Bergen 19.juli 1879 med om lag 50 nordmenn ombord. Ekspedisjon vart avbroten på Madagaskar, enkelte vart verande der på den store øya medan om lag 30 personar reiste inn til Durban i den britiske Natal-kolonien og slo seg ned der.[1][2] Det budde allereie nokre nordmenn i Durban og biskop Hans Schreuder hadde i fleire tiår drive misjonsverksemd i Natal og Zululand.[3] Etter berre tre år vart Debora etterfølgd av ei gruppe på 200 emigrantar (hovudsakleg frå Ålesund og Sunnmøre) som fekk tildelt jord i Marburg litt sør for Durban.[4] Brev fra Debora-deltakarane vart trykt i norske aviser.[5]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Nedrebø, Yngve (2002): Debora-ekspedisjonen. Bergen: Vigmostad & Bjørke.
  2. http://www.salbu.co.za/debora/NorwegianTextDsByJames.html
  3. http://snl.no/.nbl_biografi/H_P_S_Schreuder/utdypning
  4. Reite, Per Ole (2008): Norsk utvandring til Sør-Afrika. Ulsteinvik: Spor forlag.
  5. Kuparinen, Eero (1991): An African alternative. Nordic migration to South Africa 1815-1914. Turku: Institute of Migration.