Deborah Compagnoni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Deborah Compagnoni


Statsborgarskap Italia
Fødd 4. juni 1970 (53 år)
Bormio
Idrett alpint
Tok del i

Alpint under Vinter-OL 1992 – Super-G kvinner, Alpint under Vinter-OL 1994 – Storslalåm kvinner, Alpint under Vinter-OL 1998 – Storslalåm kvinner, Alpint under Vinter-OL 1998 – Slalåm kvinner

Utmerkingar

Gullkraven for sportslig fortjenste, Gazzetta Sports Awards, Gazzetta Sports Awards, Gazzetta Sports Awards

Deborah Compagnoni (fødd 4. juni 1970) er ein italiensk tidlegare alpinist frå Bormio som vann tre OL-gull og like mange VM-gull i tida 1992-98.

Compagnoni vann sitt fyrste verdscuprenn i slutten av januar 1992, då ho sigra i eit super-G-renn i Morzine i Frankrike. Tre veker vart ho olympisk meister i same øvinga, då ho i Albertville vann ein suveren siger, heile 1,41 sekundar føre sølvvinnar Anita Wachter frå Austerrike.

Også under OL 1994Lillehammer vart ho olympisk gullmedaljør, men då i storslalåm. Som i Albertville vann ho ein overlegen siger, ho hadde 1,21 sekundar til gode på toaren Martina Ertl frå Tyskland.

Compagnoni vart verdsmeister i storslalåm i 1996 i Sierra Nevada. Året etter, under VM 1997 i Sestriere, forsvarte ho storslalåmtittelen, og tok i tillegg gullmedaljen også i slalåm-tevlinga.

Under OL 1998 i Nagano vart Compagnoni olympisk meister i sitt tredje rake vinter-OL. Ho vann då gullmedaljen i storslalåm, hennar fjerde siger på rad i den øvinga i dei store meisterskapane. Dessutan sikra ho seg OL-sølv i slalåm.

Compagnoni vart nummer fire i verdscupen i alpine greiner både i 1997 og 1998. I 1997 erobra ho pokalen som beste storslalåmrennar i verdscupen. Frå januar 1992 til januar 1998 vann ho i alt 16 renn i verdscupen, 13 av dei i storslalåm. Ho la opp etter 1999-sesongen.

Ho er gift forretningsmannen Alessandro Benetton.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]