Hopp til innhald

Debrah Scarlett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Debrah Scarlett

Fødd20. juli 1993 (33 år)
FødestadBasel
OpphavNoreg, Sveits
Aktiv2013
Sjangerpop
Instrumentvokal
Verka somsongar, komponist, låtskrivar

Joanna Deborah Bussinger (fødd 20. juli 1993 i Basel i Sveits), kjend under artistnamnet Debrah Scarlett,[1][2] er ein norsk-sveitsisk songar og musikar.[3]

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Scarlett vaks opp i Sveits og Noreg. Frå ho var seks til ho var ti år gammal budde ho med familien sin i Hakadal i Nittedal.[3]

Etter å ha flytta tilbake til Sveits reiste Scarlett mykje fram og tilbake mellom Sveits og Noreg. I 2013 deltok ho i The Voice – Norges beste stemme på norske TV 2, der ho kom til semifinalen.[4] Hausten 2014 flytta ho tilbake til Noreg for godt for å kunne starte ein musikkarriere der,[3] og i 2015 vann ho saman med Kjetil Mørland Melodi Grand Prix med låten «A Monster Like Me».[5]

Mørland & Debrah Scarlett på scena under Eurovision Song Contest i Wien i 2015.

Hausten 2013 deltok Scarlett i det norske talentprogrammet The Voice – Norges beste stemme, der ho prøvesong med låten «Make You Feel My Love». Scarlett ble med på laget til Sondre Lerche og kom til semifinalen. I løpet av sangkonkurransen covra ho Florence and the Machine, Rihanna, Sonny Bono og The Black Keys. Ho har seinare omtala deltakinga i programmet som ein «døropnar». «The Voice fikk i gang karrieren min og ble en døråpner. Etter det har jeg jobbet mye med musikken, og jeg har blitt eldre og mer selvsikker.»[4]

Hausten 2014 flytta Scarlett tilbake til Noreg, der ho mottok ein førespurnad frå artisten Kjetil Mørland om å bidra på ein song til Melodi Grand Prix.[6] Scarlett takka ja til tilbodet etter å ha lese songteksta.[7] Mørland ønskte ho som partner etter å ha sett ho i The Voice.[6][4] Songen heitte «A Monster Like Me» og vann Melodi Grand Prix i 2015 med 88 869 røyster. Songen vart dimed det norske bidraget til Eurovision Song Contest 2015.[7] Songen handlar om å konfrontere noko uoppgjort frå fortida og å måtte gje slepp på den man elskar.[3] Både Adressa og Dagbladet roste stemma hennar og samanlikna Scarlett med den britiske songerinna Adele.[8][2] Songen gjekk vidare frå semifinalen 21. mai og var finalist nr. 9 i finalen 23. mai. Debrah Scarlett og Mørland enda på 8.-plass i den internasjonale finalen med 102 poeng.

5. august 2015 deltok Scarlet i NRK-programmet Sommeråpent der ho framførte «Always On My Mind» med Mørland. Ho deltok også i musikkprogrammet Beat for beat 4. desember 2015. Ho framførte «A Monster Like Me» saman med Mørland i Melodi Grand Prix 2016.[9]

Scarlett gav ut debutsingelen som soloartist, «To Figure», 26. februar 2016.[10] Den er komponert og skriven av Scarlett og vart gjeven ut utan platekontrakt.[11] Låten var ei blanding av fleire stilartar, og Scarlett ville ikkje vere «sjangerbunden». Den sveitsiske nettsida Blick.ch kalla låten «ein sterk ballade med djupn og mykje hjarte».[11] EP-en DYS(U)TOPIA vart gjeven ut 17. mars 2017 med singelen «Cynical Youth». Nico Schmied og Gregor Brändli regisserte musikkvideoen til singelen.[12]

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]
Tittel Informasjon
DYS(U)TOPIA
  • Utgjeven 17. mars 2017
  • Plateselskap: Radicalis
Phase I:XI
År Tittel Topplassering Album
Flagget til Noreg
[13]
Flagget til Austerrike
[14]
Flagget til Tyskland
[15]
Flagget til Sveits
[16]
2015 «A Monster Like Me» (med Mørland) 23179245 Make a Sail (Mørland)
2016 «To Figure»
2017 «Cynical Youth» DYS(U)TOPIA
2020 «Dogma» Phase I:XI
«Slow Down»
«Medusa»
«Dreamer»
  1. Elisabeth Johnsen (2015-03-14). «Drømmen er en billett til Wien». Romerikes Blad. Henta 2015-03-15.
  2. 1 2 Guro Havro Bjørnstad, Jonas Pettersen, Sveinung U. Ystad (2015-03-14). «Mørland & Debrah Scarlett vant Melodi Grand Prix». Dagbladet. Henta 2015-03-15.{{cite web}}: CS1 maint: multiple names: authors list (link)
  3. 1 2 3 4 Hege Bakken Riise (2015-01-21). «Mørland & Debrah Scarlett». NRK. Henta 2015-03-15.
  4. 1 2 3 Margrethe Miljeteig (2015-03-14). «The Voice-Debrah vant hele Melodi Grand Prix». TV 2. Henta 2015-03-15.
  5. Sigbjørn Høidalen (2015-01-21). «Hakadøl i Melodi Grand Prix-finalen». Varingen. Arkivert frå originalen 2015-12-11. Henta 2015-03-15. {{cite web}}: Invalid |url-status=død (hjelp)
  6. 1 2 Arve Henriksen (2015-03-15). «Kan vinne både for Norge og Sveits». Aftenposten. Henta 2015-03-15.
  7. 1 2 «Melodi Grand Prix 2015 - Finale 14.03.2015». NRK TV. 2015-03-14. Henta 2015-03-15.
  8. Vegard Enlid (2015-03-13). ««En tyrkershot av en låt»». Adressa. Henta 2015-03-17.
  9. Stein Østbø (2016-02-24). «MGP-Mørland synger for sin avdøde mor». Verdens Gang. Henta 2016-02-26.
  10. InnleggFacebook 12. februar 2016. «Hey guys, two weeks from today my very first single drops.»
  11. 1 2 Von Angelika Meier (2016-02-26). «Jetzt singt sie für die Schweiz» (på tysk). Blick.ch. Henta 2016-02-26.
  12. «DEBRAH SCARLETT - Cynical Youth (Official Video)». YouTube. 2017-03-02. Henta 2018-01-05.
  13. Hung, Steffen. «Discography Mørland & Debrah Scarlett». Norwegian Charts Portal. Hung Medien (Steffen Hung).
  14. Hung, Steffen. «DiscographIe Mørland & Debrah Scarlett». Austrian Charts Portal. Hung Medien (Steffen Hung).
  15. Hung, Steffen. «Mørland & Debrah Scarlett». German Charts Portal. Hung Medien (Steffen Hung).
  16. Hung, Steffen. «Discographie Mørland & Debrah Scarlett». Swiss Charts Portal. Hung Medien (Steffen Hung).

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Debrah Scarlett