Debye–Scherrer-metoden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Debye–Scherrer-metoden er ein metode til identifikasjon av krystallinske stoff og består i å registrere røntgenrefleksar frå eit krystallpulver på ein fotografisk film. Metoden vart utarbeidt av Peter Debye og Paul Scherrer i Göttingen i 1915.

Utføring[endre | endre wikiteksten]

Pulveret kan til dømes festast med vaselin til ein tynn glasstift som blir plassert i sentrum av eit sylindrisk kamera. Vanlege kameradiametrar er 5,73, 9,00 eller 11,46 cm. Ein monokromatisk røntgenstråle blir send mot preparatet, som roterer under eksponeringa.

Teori[endre | endre wikiteksten]

I pulveret vil det alltid vere partiklar som har ein slik orientering at røntgenstrålen (med bølgjelengd λ) kan reflekterast frå bestemde gitterplan, som har innbyrdes avstand d, når innfallsvinkelen Θ tilfredsstiller Braggs lov: nλ = 2d sin Θ. Dei reflekterte strålane dannar kjegleflater med toppvinkel 2Θ. På ein utbretta filmstrimmel får ein boga linjer. Ein kan måle vinkelen og intensiteten for den einskilde refleksen og avgjere gitterplanavstanden d. Ut frå dette kan ein i prinsippet avgjere krystallstrukturen for stoffet. No brukar ein likevel éinkrystallmetoder til desse avgjerslene.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Debye-Scherrer-metoden er viktig til identifikasjon av krystallinske fasar, idet linjemønsteret på filmen er karakteristisk for det einskilde sambandet (omtrent som fingeravtrykk).

For andre typar røntgenpulvermetoder sjå Guinier-kamera, Gandolfi-kamera og røntgendiffraktometer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]