Ded Moroz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eventyrfiguren Ded Moroz (Дед Мороз) er vorte ein viktig del av russisk og austeuropeisk nyttårsfeiring. Dette sovjetrussiske frimerket frå 1971 viser nyttårsnissen i tradisjonell trojka, eit russisk trespann, framfor Spasskaja-tårna i regjeringspalasset Kreml i Moskva. Teksta S Novym Godom! (С Новым Годом) tyder «Godt nytt år!» (eigenleg «Nytt år!»).

Ded Moroz, russisk Дед Мороз, norsk 'Bestefar Frost' eller 'Fader Frost', er ein segn- og eventyrfigur i aust-slavisk folkedikting der han opptrer som vinterkonge og skogens mektige herskar. Tidleg på 1900-talet vart skikkelsen del av den russiske nyttårsfeiringa med omtrent same rolle som julenissen i vestlege land. Etter 1935 vart Ded Moroz kjend som nyttårsnisse over heile det tidlegare Sovjetunionen og i Austblokklanda.

Ded Moroz, eller Morozko (Морозко) på russisk, er òg namnet på eit kjent russisk folkeeventyr og ein sovjetrussisk familiefilm frå 1964.

Nyttårsnissen Ded Moroz[endre | endre wikiteksten]

«Dzied Maroz» (Дзед Мароз) og «Snjahurka» (Снягурка) i «heimen» sin i ein turistattraksjon i Białowieżaskogen i Kviterussland desember 2004. Russiskortodoks jul vert feira 7. januar fordi den julianske kalenderen er forskoven to veker i forhold til den gregorianske, og «Ded Moroz» vitjar barnehagar, skular og andre offentlege stadar i perioden frå 1. desember til omkring 10. januar, særleg til russisk «jolka-fest» (juletrefest) på nyttårsaftan.

I den gamle russisk-ortodokse kyrkja var St. Nikolas, forbiletet for den moderne julenissen, den heilagste av alle helgenar og bringa òg der gåver. Men i Russland og den slaviske folketradisjonen er det eventyrskikkelsen Ded Moroz, som vanlegvis vert kalla Father Frostengelsk og Väterchen Frosttysk, som står sterkast som vinterkonge og ein slags julenisse. Det var likevel fyrst på 1910-talet han vart vanleg innslag på nyttårsfestar i Russland, ein skikk som vart avbroten i 1927, då det russiske kommuniststyret forbaud alle slike dekadente feiringar. Nyttårsfeiringa vart likevel gjeninnført av styresmaktene i 1935 som eit kulturpolitisk propagandagrep for å erstatte den kristne høgtidsfeiringa. Frå då av har Ded Moroz kome med gåver til borna på nyttårsaftan.

Etter sovjetrussisk mønster opptrer Ded Moroz vanlegvis under store, organiserte feiringar for barn ved nyttårstreet på nyttårsaftan. Då kjem han saman med barnebarnet Snegurotsjka (Снегурочка), 'Snøjenta', 'Snøjomfura' eller 'Snøprinsessa', og deler ut nyttårsgåvene personleg saman med ho. Ofte er gåvene standardiserte som på norske juletrefestar. Når borna er små kan òg Ded Moroz levere gåvene «i hemmelegheit» som den angloamerikanske julenissen, det vil seie leggje gåvene frå seg under treet. Ded Moroz kan òg få hjelp av dyra i skogen og av Snegovik (Снеговик), 'Snømannen', som ordnar med alle brev han får.

Ded Moroz liknar òg i det ytre på julenissen. Han har langt, kvitt skjegg og er kledd i ein fotsid, pelsfôra frakk eller tradisjonell kaftan som minner om biskopkjortelen til Sankt Nikolaus, ei rund pelslue på hovudet og dessutan kvite valenki eller høge støvlar (sapogi) i sølv eller med sølvornament. Frakken, vottane, lua og støvlane kan vere raude, kvite eller blå, for å skilja figuren frå den vestlege julenissen, og er ofte pryda med sølvdekor. Han ber elles ein magisk stav og kjem i ein trojka, ei russisk vogn eller slede som vert trekt av tre hestar.

Regionale variantar[endre | endre wikiteksten]

Det finst nasjonale og regionale variantar av dei russiske figurane Ded Moroz og Snegurotsjka i fleire austeuropeiske land. Den offisielle «heimstaden» til Ded Moroz i Russland er byen Velikij Ustjug, medan den kviterussiske varianten Dzied Maroz høyrer heime i Bjelavjezjskaja Pusjtsja (Bittłowieżaskogen).

Det er òg liknande vinterpersonifikasjonar i tysk og vesteuropeisk tradisjon, til dømes alve- eller snømannsskikkelsen Jack Frost og Petter Rimfrost. I bildeboka Oles skitur (Olles skidfärd) frå 1907 fortel den svenske barnebokforfattaren og illustratøren Elsa Beskow eit vintereventyr om Kong Vinter, Onkel Rimfrost, gamle Mor Tø og Prinsesse Vår.

Eventyret «Morozko»[endre | endre wikiteksten]

«Morozko og stedottera», illustrasjon frå 1932 av Ivan Bilibin til det russiske folkeeventyret «Morozko». Skikkelsen ber tradisjonell russisk sjapka (topplue med pelskant) og fotsid kaftan.

Det kjende russiske folkeeventyret «Morozko» (Морозко), vart fyrste gong utgjeve av folkloristen Aleksandr Nikolajevitsj Afanasjev i hans omfattande eventyrsamling som kom i åtte bind frå 1855 til 1867.

Eventyret handlar om rivaliseringa mellom to jenter i same familie: den vakre og arbeidssame fardottera Nastenka og den bortskjemde stemordottera Marfusjenka. Då stemora lèt Nastenka verta åleine igjen i skogen for å døy av kulde på julaftan, kjem Morozko og reddar den audmjuke og fromme jenta. Ho får varme klede, rike gåver og ei ridevogn. På veg attende møter ho òg unggutten Ivan som ho skal gifta seg med. Den misunnelege Marfusjenka freistar å gjera det same, men ho er for slem til å få hjelp og frys i hel i vinterskogen.

Den enkle moralen til eventyret er at ein skal vera nøgd med det ein har, og ikkje klage – då vil det gå ein godt.

Filmen Morozko[endre | endre wikiteksten]

Morozko er òg ein sovjetrussisk eventyrfilm frå 1964. Den tyske tittelen på filmen er Väterchen Frost – Abenteuer im Zauberwald medan Father Frost er ein internasjonal, engelskspåkleg tittel, sjølv om filmen ofte vert kalla Jack Frost i USA. Filmen byggjer på figurar og forteljingar frå slavisk folklore, blant anna Fader Frost og heksa Baba Jaga.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Ded Moroz