Dee Murray

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dee Murray
Verkeleg namn David Murray Oates
Fødd 3. april 1946
Død 15. januar 1992 (45 år)
Instrument Bass
Sjanger Rock
Aktive år 1960-åra–1992
Yrke Korvokalist, bassist
Tilknytte artistar Elton John, Procol Harum, The Mirage, Spencer Davis Group, Alice Cooper, Nigel Olsson
Kjende instrument
Fender Precision Bass

Dee Murray (3. april 194615. januar 1992) var ein engelsk bassist, mest kjend som medlem i det originale rockebandet til Elton John.

Før han byrja å spele med Elton John turnerte han i lag med trommeslagaren i Nigel Olsson, som òg spelte med John, i Spencer Davis Group i 1968-1970.[1] Murray og Olsson byrja å spele med John i 1970 og spelte først på Tumbleweed Connection. Sjølv om dei turnerte fast med John, tillet plateselskapet hans berre å la dei spele på ein song per studioalbum. Etter Honky Château i 1972, klarte John derimot å overtyde plateselskapet om å la dei få bli fullverdige medlemmar av bandet til John. Murray og Olsson spelte med John fram til og med Captain Fantastic and the Brown Dirt Cowboy i 1975, då dei vart bytta ut fordi John ønskte ein ny stil.

Murray og Olsson spelte framleis i lag som studiomusikarar i Los Angeles og spelte mellom anna med Rick Springfield og Procol Harum. Mellom 1978 og 1979 arbeidde Murray med Alice Cooper.

Murray døydde av hjerneslag som følgje av langvarig hudkreft i 1992.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tobler, John (1992). NME Rock 'N' Roll Years (1st ed.). London: Reed International Books Ltd. s. 189. CN 5585. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]