Deeldrakt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Menn i tradisjonelle mongolske klede (deel) i Kharkhorin.

Deeldrakt eller deel (mongolsk дээл deːɮ; burjatisk дэгэл dɛɡɛɮ) er ei tradisjonell mongolsk klesdrakt og nasjonaldrakt. Ho er blitt brukt gjennom mange hundreår av mongolar, tyrkiske folk og tungusiske folk. Drakta har form som ei kåpe liknande ein kaftan. Ho har to overlappande framstykke som ein lukkar ved høgre armhole og nedover. Ein bruker også belte, typisk eit breitt tøystykke, om livet. Drakta når typisk nedfor knea til brukaren og vidar seg ut mot botnen. Deeldrakter kan vera blå, olivenfarga, burgundar eller andre fargar. Dei kan vera av bomull, silke, ull eller brokade.

Deel er framleis vanleg klesdrakt for både kvinner og menn utanfor større byar, særleg blant nomadiske gjetarar. I byar blir deel for det meste brukt av eldre, eller i samband med festar og høgtider.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]